• Blogg
  • Tips frå teikneserieteiknar

Tips frå teikneserieteiknar

04.11.2021

Trine Lise Normann til nettside

Trine Lise Normann har teikna den nye teikneserieboka Katten og kråka. Ho har nokre tips til barn og unge som ønskjer å lage sine eigne teikneseriar.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Illustrasjonar er henta frå boka Katten og kråka, utgjeven av Überpress

Det aller viktigaste er å teikne akkurat det du har lyst til, for teikning skal først og fremst vere gøy! Viss ein vil lage ein teikneserie og ikkje heilt veit kvar ein skal byrje, kan ein byrje med å lage tre til fire små ruter der du teiknar inn nokon rare figurar og gjev dei snakkebobler der dei seier noko morosamt. Dette kan kanskje vere starten på noko spennande!

Korleis synest du det har vore å arbeide med Katten og kråka?

Det har vore veldig gøy! Tidlegare har eg for det meste halde på med illustrasjonar og karakterdesign, og så har eg også fått lov til å bidra med nokon kortare historier til Überpress sine teikneserieantologiar eit par gongar. Då fekk eg litt smaken på å lage teikneseriar, så då Are i Überpress og Arild frå Nynorsksenteret spurde om eg var interessert i å teikne Katten og kråka, så sa eg sjølvsagt ja, seier Trine Lise Normann.

    Are solbriller kopi
    Are Edvardsen har laga skissemanus til Katten og kråka. Han har teke animasjonsutdanning ved Høgskulen i Volda.

    Dette er den første lengre teikneserien ho har laga. Då Trine Lise vart med på prosjektet, måtte ho plutseleg lære seg å teikne mange nye ting som ho ikkje har teikna så mykje av frå før, som til dømes kråker, skog, mus og slott.

    Det vart ei bratt læringskurve som har vore utfordrande, men kjempeartig og utruleg lærerik!

      Ho legg til at samarbeidet har fungert svært godt. Are skissa opp eit flott skissemanus som ho kunne følgje.

      Både Are og Arild har kome med gode innspel og råd gjennom heile prosessen som gjorde at denne boka vart så bra som ho blei, seier Trine Lise.

      Korleis har du utvikla teiknestilen til boka?
      Eg har, som mange andre, vakse opp med Disney-filmar, Donald-blad og Cartoon Netvork. Eg likar framleis å sjå på desse kanalane og lese teikneseriar. Min eigen teiknestil er nok ei god blanding av forskjellige ting som har inspirert meg opp gjennom åra. Eg har alltid vore glad i sterke fargar og ekspressive karakterar. Til Katten og kråka prøvde eg å hente inn stilelement frå eldre Disney-filmar fordi eg synest dei kler historia godt, fortel ho.

      Korleis fekk du inspirasjon til å teikne katten, kråka og resten av universet i boka?
      Deler av historia som Arild hadde skrive, gav meg litt vibbar frå Disney-filmen «Sverdet i steinen». Då byrja eg å leite opp og studere bilete frå Disney-filmar av same type, mellom anna Aristokattane og Robin Hood. Det vart mi største inspirasjonskjelde til korleis eg ville at fargane og atmosfæren i boka skulle sjå ut. Då eg blanda inn min eigen stil i det heile, synest eg at sluttresultatet vart visuelt fint og fargerikt.

        Presse2 nett

        Kva bruker du mest tid på når du skal lage ein ny teikneserie?
        Skissene er nok det eg bruker mest tid på. Eg er ein smule perfeksjonistisk, og i skissestadiet skal alle detaljar sitje perfekt, før eg går vidare til tusj og fargelegging. Alt vert gjort digitalt.

        Korleis klarer du å få dyra og menneska til å sjå så levande ut?
        Eg har alltid vore glad i å teikne uttrykksfulle karakterar. Tydelege følelsar gjennom ansiktsuttrykk og kroppsspråk får karakterane til å sjå endå meir levande ut. Sjølv utan dialog skal ein kunne lese tydeleg kva som går føre seg ved å sjå på ansiktsuttrykka.

          Presse3 nett

          Les intervju med Arild Torvund Olsen som har skrive teksten til Katten og kråka.

          På teikneseriesidene til Nynorsksenteret finn du fleire tips.

          Cordelia Ikon
          Teikneseriar

          Ressurssidene om teikneseriar inneheld nynorske teikneseriar, lærarressursar, undervisningsopplegg og serieskapartips.