Nynorsksenteret: barnehage

 
Barnehage / Musikk, rim og regler /

Matvers

Rim, rytme, songar og regler er viktige element i barna si språkstimulering, og eit felles matvers bidreg til at borna opplever felles samling omkring måltidet. Her finn du ei lita samling med nynorske matvers. Versa kan lesast eller syngjast som bordvers.

⇒ Last ned matversa (PDF)

Bruk gjerne same regla eller songen før kvart måltid ein bestemt periode før de vel ein ny. Etter kvart har de eit repertoar av slike små vers som barna kan velje mellom etter tur. Skriv ut verset og les gjennom det nokre gongar før du skal lære det vekk. Tenk gjennom om du kan lage enkle bevegelsar til verset. Særleg inviterer Ormen lange-regla til handbevegelsar. Til dømes kan du samle handflatene framfor deg og bukte armane opp etter kvart som regla seier at ormen klatrar «under eit gjerde» og «tok seg ei pære» og så vidare. Du kan henge opp verset på veggen eller leggje det under ein gjennomsiktig voksduk på matbordet. Eit anna alternativ kan vere å laminere det og samle ulike songar og vers i ein boks eller perm som de tek fram før kvart måltid. Når barnet knyter det munnlege verset til eit bilete, er det enkelt å velje mellom ulike vers etter kvart som repertoaret veks.

Du finn fleire idear til måltidsaktivitetar i heftet Måltidet som pedagogisk arena, som dei nasjonale sentera har laga på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.


 
Eit eple veks fram frå ei blømande grein
To geiter spring rundt på lette bein
Tre fiskar glitrar så blankt i ein fjord
Fire poteter ligg djupt i si jord

Tenk å få ete seg mett kvar ein dag
Kom, lat oss ete og drikke i lag

Hilde Myklebust

⇒ Last ned verset (PDF)
⇒ Last ned notar (PDF)

Musikk: Gaute Øvereng
Songarar: Nora Jenny Øvereng og Hedda Jonette Øvereng


 
I dag tidleg, klokka seks, vakna det ei lita heks
I dag tidleg, klokka sju, mjølka ho ei bjølleku
I dag tidleg, klokka åtte, rydda ho si heksegrotte
I dag tidleg, klokka ni, kutta ho ein brokkoli
I dag tidleg, klokka ti, brygga ho litt hekseri
Kokte ein time frå elleve til tolv:
flugesopp, negler og rusk frå eit golv,
froskar, bein og ein sur mjølkeskvett
No vert det godt å få ete seg mett!

Hilde Myklebust
Fritt etter eit tysk barnerim

⇒ Last ned verset (PDF)


 
Ormen lange
kraup som ein slange
under eit gjerde.
Tok seg ei pære.
Delte ho i to.
Ver så god!

Tradisjonelt rim

⇒ Last ned verset (PDF)


 
Jorda gav oss maten vår,
mogna av ei sol so klår.
Kjære sol og kjære jord,
takk for alt som veks og gror.

Christian Morgenstern
Attdikta frå tysk av Arild Torvund Olsen

(Verset kan syngjast på melodien til «Kua mi»)

⇒ Last ned verset (PDF)


 
Auga kan stire så langt og så vidt
Øyra kan høyre ein glad kvirrevitt
Nasen kan lukte i lufta så fritt
Munnen kan ete, så ver så god sitt
God appetitt!

Hilde Myklebust
Fritt etter eit engelsk barnerim

⇒ Last ned verset (PDF)

Illustrasjonane er laga av Per Ragnar Møkleby.

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)