Språkhistoria på 11 minutt

Kor raskt er det råd å fortelja språkhistoria?

Magritt Jarlsdotter Grimstad er lærar på Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund. Ho opplevde at undervisninga i språkhistorie var oppdelt og lite samanhengande når ulike delar var lagde til ulike steg: litt til åttande, litt til niande og litt til tiande. Oppdelinga gjorde at mange elevar mangla oversikt. Difor laga ho ein komprimert fortelje­teaterversjon av språkhistoria, som ikkje­ skulle vera lenger enn ein skule­time. Denne versjonen har ho no komprimert ned til 11 minutt for filmmediet. Filmen kan vera til inspirasjon for deg som lurer på korleis språkhistoria kan gjerast meir levande for elevane.