Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ressursbase for skulen / Musikk / Grammatikk og kjærleik /

Grammatikk og kjærleik

Musikalen «Grammatikk og kjærleik» handlar om barndomen og ungdomstida til Ivar Aasen, fortald gjennom ein kombinasjon av nyskriven musikk, nyskrivne tekstar på nynorsk og dialekt og originale Aasen-tekstar. Nynorsksenteret kan tilby ein skulepakke med CD-ar og notar som gjer det lett å ta i bruk musikalen, anten de vil setje opp heile stykket eller berre vil bruke nokre av songane i eit skuleprosjekt. CD-en inneheld bidrag frå mellom andre Simone Larsen (D`sound), Beate Slettevoll Lech, Side Brok, koret Stemmebandet og mange fleire.

Kjøp skulepakken
Skulepakken inneheld:

Pakken kostar berre 500 kr per klasse (porto kjem i tillegg), og er til sals for skular. Ta kontakt med oss på e-postadressa ror@hivolda.no for å tinge pakken. Hugs å skrive kor mange elevar det er i klassane de kjøper klassesett til!

Kjøp plata
Plata kostar 125 kr pluss porto, og du kan tinge henne ved å sende eit e-brev til ror@hivolda.no. Ho er òg til sals i nettbutikken til Ivar Aasen-tunet.

Smakebitar frå CD-en

(«Filago Minima» frå framføringa til Kaupanger skule i 2010)

Magisk grammatikk – sak om musikalen frå Nynorskopplæring nr. 10

Sagt om musikalen
«Grammatikk og kjærleik» kjem til å appellere, kanskje meir enn mykje anna, til målgrupper ein elles vil ha vanskar med å nå. Difor kan denne musikalen, som kjem ut i skulane gjennom Nynorsksenteret, også vere med og styrkje nynorsken. (Møre-Nytt, 24.06.2006)

(...) dette var ein musikal som traff alle i hjarta. (Nesteklikk.no, 23.06.2006)

Eg har hatt glede av å spele CD-en. Jamvel om eg ikkje skjønar tekstane, tykkjer eg musikken er særs tiltalande. Røystene, arrangementa og det tekniske er dugeleg og smakfullt utført. Solistane har alle ein utilgjord, ærleg og naturleg kvalitet som ein sjeldan finn i innspelingar no til dags. Dei høyrest ut som flotte unge menneske som ein får lyst til å ha som vener. Og dei høyrest ikkje ut som om dei freistar imponera verda. Den samla verknaden er «naturleg sjarm», som er den største rosen eg kan gjeve. Nok ein gong – bravissimo til alle dei involverte. (Norman Leyden, amerikansk musikar, arrangør og komponist)

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 26.06.2013

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)