Nynorsksenteret: vidaregåande

 
Vidaregåande / Skriftleg / Nynorsk og påbygging /

Nynorsk og påbygging

Påbyggingsstudiet har ein del utfordringar med tanke på det studiespesialiserande løpet fordi påbyggingselevane skal ha ti timar norsk i veka gjennom heile skuleåret. I tillegg til eit omfattande pensum skal dei lese og analysere ei rad tekstar, skrive lengre og kortare tekstar og arbeide med fordjupingsoppgåva. Mange av elevane har nynorsk som sidemål, og skal lære seg å skrive tekstar på nynorsk i løpet av dette året.

Sidan mange elevar ikkje har lese så mange nynorske tekstar før dei startar på påbyggingsstudiet, bør ein i nynorskdidaktikken leggje vekt på at dei les og skriv mange nynorske tekstar. Slik kan ein byggje kompetanse om det nynorske språket og den nynorske kulturen over tid, og ein må vere systematisk i å introdusere mange og varierte nynorske tekstar og ulike skriveoppgåver til elevane.

Tidleg på hausten bør ein kartleggje språkkunnskapen i nynorsk, anten ved å ta inn elevarbeid, halde ei elektronisk prøve eller på annan måte. Det er viktig at ein tidleg får kunnskap om kva dugleik elevane har i nynorsk, slik at ein kan setje inn ressursar på dei punkta der det trengst mest.

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)