Nynorsksenteret: vidaregåande

 
Vidaregåande / Skriftleg /

Kvifor bruke eldre litteratur som utgangspunkt for skriving?

Lesing og skriving i norsk skal bidra til større samla tekstkompetanse hos elevane. Og det er særleg viktig at ein skriv mykje i påbyggingsstudiet, fordi mange av elevane ikkje er vane med å uttrykkje seg skriftleg. Dei treng undervisning i resonnerande tekstar og i kreative sjangrar. Dersom ein ser gjennom eksamenssetta, vil ein sjå at resonnerande tekstar er overrepresenterte samanlikna med dei kreative sjangrane.

Kreativ skriving kan vere ein måte å jobbe med den eldre litteraturhistoria på. Gjennom å skrive korte tekstar kan elevane lære om tidlegare tekstkulturar, og den litteraturhistoriske perioden kan verke mindre teoretisk når ein får ei meir praktisk vinkling i innlæringsprosessen. Gjennom å skrive innanfor sjangrane vert elevane aktiviserte, og i staden for å høyre om eller lese om litteraturhistoria må dei prøve ut oppgåver innanfor sjangrar som er knytte til den aktuelle perioden.

Dersom elevane kan jobbe med jamn skriving av små tekstar på nynorsk allereie hausten i påbyggingsåret, så kan terskelen for å skrive verte lågare. Det er viktig at elevar kan bruke språket på ein utforskande måte: Språkleg kreativitet og ei utforskande haldning til det å skrive er viktige eigenskapar, og påbyggingselevar kan ofte ha ein type kreativitet som kan få utløp i kreativ tekstskriving. 

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)