Nynorsksenteret: vidaregåande

 
Vidaregåande / Skriftleg /

Fordelar med å skrive korte tekstar

Det å skrive korte tekstar har mange fordelar frå ein nynorskdidaktisk ståstad, både fordi dei korte tekstane kan skrivast i løpet av ein skuletime, og fordi dei kan innby til mange gode samarbeidsformer. Små, skriftlege oppgåver gjer elevane til aktive lærande og reflekterande tekstskaparar, dersom dei må jobbe med skriving fleire gongar i veka. Det er viktig at elevane får utforske det nynorske språket, og bruke det til tekstskaping heile året. Formalisert tekstskriving i samband med eksamensførebuinga må kome i tillegg til den meir utforskande og kreative skrivinga, og bør nyttast mest som skrivetrening i andre termin.

Men det å starte skuleåret med å skrive langt på sidemålet kan vere utfordrande, særleg om ein kjenner seg utrygg både når det gjeld sidemål og skriving. Elevar treng derfor mindre oppgåver i tillegg til repetisjonsspørsmåla i læreboka og dei større skriftlege tekstoppgåvene som dei får eit par gongar i året. Og ikkje minst: Det er tid til å jobbe mykje med nynorsk skriving på påbyggingskurset, sidan ein har ti timar med norsk kvar veke.

Det går fortare for læraren å rette korte tekstar, og læraren kan sjå på ulike språklege tema frå gong til gong, til dømes verbbruk på nynorsk, substantiv på nynorsk, sjangerforståing o.a.

I starten av skuleåret er det kanskje best at elevane skriv tekstar åleine, sidan det kan vere vanskelegare å vise eigne skrivearbeid i ei klasse der ein ikkje kjenner medelevane sine. Men ein kan la elevane jobbe med samskriving i same dokumentet.

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)