Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Nytt om FoU /

Sjølvsagt les og skriv vi nynorsk!

På Volda ungdomsskule har dei nettopp avslutta prosjektet «Sjølvsagt les og skriv vi nynorsk», eit prosjekt støtta av Nynorsksenteret. Målet har vore å styrkje nynorsk som skriftspråk i norskundervisninga, og resultata frå den såkalla «Voldamodellen» er heilt klart positive.

«Voldamodellen»

Prosjektet har danna grunnlag for ein modell som består av fagplanar for norskundervisning – med ekstra vekt på nynorsk. Tiltaka har vore retta mot kompetansen både til lærarar og elevar. Nær halvparten av elevane på skulen les fleire bøker på nynorsk i 10. klasse samanlikna med då dei gjekk i 8. klasse, og skrivedugleikane har òg blitt betre på det jamne.

Nynorsk språkdusj
For elevane ved ungdomsskulen i Volda var det å ha rikeleg tilgang på fagbøker, skjønnlitteratur og aviser på nynorsk viktig for motivasjonen og læringa. Lærarane på skulen påpeikar det same: «Ein må fornye bokparken – men det vert ei utfordring når vi ikkje har prosjektet og midlar til bøker.» Gjennom «Sjølvsagt skriv vi nynorsk» har skulen klart å skaffe gode nynorskbøker til biblioteket ved skulen, og informert elevane om kva bøker som finst og om innhaldet i bøkene.

Fungerer det?
Les elevane så fleire nynorskbøker etter tre år med sterkare eksponering av nynorsktekster? I ei avsluttande spørjeundersøking svarte i alt 47 prosent av jentene og 43 prosent av gutane at dei var heilt einige eller nokså einige i påstaden «Eg les fleire bøker på nynorsk no enn då eg gjekk i 8. klasse». I alt 42 prosent av elevane svarer også at det er viktigare for dei å lese bøker på nynorsk no enn for 3 år sidan, då prosjektet tok til.

Skriving på nynorsk gir resultat!
Likevel er det å skrive tekster på nynorsk det elevane meiner har hatt klart mest å seie for at dei har blitt betre i nynorsk rettskriving. Flesteparten av elevane opplever også at dei har blitt betre til å skrive på nynorsk: I alt 80 prosent av dei vurderer det slik at dei no meistrar nynorsk rettskriving «svært godt» eller «nokså godt».

Prosjektrapporten: Sjølvsagt les og skriv vi nynorsk! (PDF)

Pressebilete: Lærar Anne Marie Holstad hjelper ein elev | Elev som les

For meir informasjon om prosjektet, ta kontakt med Anne Steinsvik Nordal på tlf. 70 07 51 97 eller e-post: nynorsksenteret@hivolda.no

Ta gjerne også kontakt med prosjektansvarleg ved Møreforsking Volda, Randi Bergem på tlf. 70 07 52 11 eller e-post: bergemr@hivolda.no

Publisert: 10.09.2010 11:00 av Arild Torvund Olsen

« Tilbake
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 15.08.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)