Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Nytt om FoU /

Nynorsken inn med mjølkekartongen

Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund med sine fire hundre elevar er bokmålsskolen som har gjort nynorsk til flaggsak. I mange år har skolen halde på med på eit prosjekt med lærebøker på nynorsk i RLE. No utvidar dei tilbodet til òg å gjelde samfunnsfag.

Tekst: Hjalmar Eiksund
Foto: Ole Martin Tonheim

I 2002 var Kolvikbakken med på eit prøveprosjekt i regi av Noregs Mållag med lærebøker på nynorsk i RLE. Sidan 2005 har dette prosjektet halde fram med støtte frå Nynorsksenteret. Magritt Jarlsdotter Grimstad er overtydd om at det har hatt god effekt på haldningane elevane har til nynorsk. Ho er lærar i norsk og RLE, og var kontaktlærar for ei av tiandeklassene som gjekk ut av skolen i vår.

– Eg har sjeldan hatt ei klasse som er så positiv til sidemålet sitt. Vi har aldri hatt noka form for diskusjon om kvifor vi skal lære nynorsk.

Nynorsk som sidemål er under sterkt press, spesielt i og rundt hovudstaden. Bortfall av skriftleg sidemålsopplæring blir av mange sett på som saliggjerande i jakta på betre norskkarakterar i grunnskolen. Kolvikbakken ungdomsskole går andre vegen. Eitt av argumenta er at meistrar ein nynorsk godt, har det positiv effekt på norskkompetansen som heilskap.

Frivillig

For å bli ein dugande nynorskskrivar må ein sjå skriftspråket i bruk. Det er her nynorske lærebøker i andre fag enn norsk kjem inn. Ved at elevane ved Kolvikbakken ungdomsskole dagleg ser nynorsk fagtekst i samfunnsfag eller RLE, blir nynorske formuleringar og stavemåtar ein naturleg del av språkkompetansen.

– Sjølv om både bøker og lekser er på nynorsk, er det opp til kvar einskild om dei vil gjere leksene sine på nynorsk i tillegg, forklarer Magritt. Målet er ikkje å gjere RLE eller samfunnsfag til nynorske fag, men å gi elevane høve til å sjå nynorsk tekst i nye sjangrar.

Å setje om til bokmål

Vi snur på flisa i forhold til mykje tradisjonell sidemålsundervisning. I staden for å ta til med grammatikken og synonymordboka er alle kopiar, tavleskrivinga, arbeidsplanane og prøvene allereie på nynorsk. Elevane forstår brorparten utan vanskar, men stoggar opp med einskildord. Vi konsentrerer oss deretter om kva desse orda blir på bokmål.

Kvar veke plukkar Magritt ut to nynorskord frå leksa som elevane får i heimeoppgåve å setje om til bokmål. Etter fem veker er det gloseprøve, stort sett med glitrande resultat.

– Sidan orda er ein del av leksa, blir ikkje innlæringa av nynorske synonym noko ekstraarbeid, det blir derimot ei naturleg utviding av ordtilfanget.

Ho ser klare pedagogiske fordelar med å jobbe på denne måten. – Det viser seg at det er enklare å stoppe opp for å få einskildord forklarte under påskot av at det er nynorsk, enn å innrømme at ein ikkje forstår tekstar på bokmål. I RLE kan vi til dømes ta oss tid til å forklare ordet «kyrkjelyd», medan få vågar å spørje om kva det tilsvarande ordet «menighet» eigentleg betyr, sjølv om det langt ifrå er like innlysande for alle. Når vi legg vekt på at elevane skal lære nynorske ord og omgrep, senkar vi terskelen for kva det er lov å spørje om.

Mjølkekartongar

Klassa har hatt reklameprosjekt med nynorske reklametekstar. Elevane har mellom anna laga mjølkekartongar med nynorsk tekst etter inspirasjon frå juice- og saftkartongane til Lerum. Kreativiteten i klassa var stor, og resultatet står no utstilt på biblioteket. Slik blir nynorsk tekst ufarleggjord og alminneleggjord. Nynorsk kjem så å seie inn med mjølkekartongen.

– Eg kan sjølvsagt ikkje garantere at desse elevane er betre i nynorsk enn andre, men eg kan skrive under på at dei har gode haldningar som vil kome dei til nytte seinare i livet, avsluttar Magritt Jarlsdotter Grimstad.

Tips til supplerande arbeid med nynorsk

  • Nynorsk er ikkje tabu. Snakk om nynorsk allereie første skuledag i 8. klasse.
  • Snakk med foreldra på første foreldremøtet.

Vekesvise nynorskdrypp:

  • Alle prøver, kopiar, tavleskriving og arbeidsplan for faget med nynorskbøker er på nynorsk.
  • To nynorskord: – Korleis skriv du dette på bokmål?, med påfølgjande gloseprøve.
  • Nynorsklekse nesten kvar veke.
  • Nynorsk-kvarten: Med bakgrunn i ein idébank må to og to elevar framføre tekstar/songar av forfattarar og artistar som nyttar dialekt eller nynorsk.

Større prosjekt

  • Grundig arbeid med dialektar. Dialektspelet på storskjerm. I tillegg har klassa lytta til artistar som syng på dialekt.
  • Språkhistoria på 45 minutt, frå urtida og fram til i dag
  • Reklame på nynorsk
  • Lese- og skriveverkstad på nynorsk
  • Bokmelding på nynorsk
  • Forfattarbesøk

Publisert: 16.09.2010 11:25 av Arild Torvund Olsen

« Tilbake
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 15.08.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)