Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Nytt om FoU /

Arbeidsseminar om å skrive for ulike føremål

Den 27.–28. september møttest representantar frå fleire av samarbeidsskulane til Nynorsksenteret til arbeidsseminar i Volda. Innleiarar var førsteamanuensis Marianne Ødegaard frå Naturfagsenteret og professor dr.art. Torlaug Løkensgard Hoel frå PLU ved NTNU.

Tittelen for samlinga var «Å skrive for ulike føremål». Nynorsksenteret har mange samarbeidsskular som får støtte til gjennomføring av prosjekt med nynorskopplæring i grunnutdanninga. Det er til ei kvar tid Utdanningsdirektoratet som legg retningslinjer for kva område Nynorsksenteret skal prioritere i Utdannings-Noreg. På denne samlinga kom kring førti representantar frå heile landet knytte tre ulike FoU-prosjekt: bokmålsskular som nyttar nynorske læringsressursar i andre fag enn norsk, nynorskskular som driv skrivetrening på tvers av fag og nynorske leseprosjekt i bokmålsskular. Målet med prosjekta er mellom anna å auke lese- og skrivekompetansen i skulen.

Marianne Ødegaard hadde innlegget «Forskerføtter og leserøtter», med undertittel Gjer det! Sei det! Les det! Skriv det! Ho jobbar til dagleg ved Naturfagsenteret og tek utgangspunkt i lesing og skriving av ulike fagtekstar. Under tittelen «Tenkjeskriving og presentasjonsskriving» tok Torlaug Løkensgard Hoel frå NTNU i Trondheim for seg skriving som grunnlag for dokumentasjon og refleksjon i FoU-arbeidet.

Aktuelle lenkjer:

Publisert: 29.09.2010 09:30

« Tilbake
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 15.08.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)