Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Nytt om FoU /

Vellukka seminar om nynorsk i barnehagen

Tysdag 21. september arrangerte Nynorsksenteret seminar i Bergen for barnehagane som er med i prosjektet «Nynorsk i barnehagen». Målet for dagen var å gi deltakarane nokre faglege innspel og motivasjon til å utvikle eigne prosjekt for lesing og språkstimulering på nynorsk.

Med «Gi orda liv» gav Sigrun Meisingset, førstelektor ved Høgskulen i Volda, oss eit inspirerande føredrag der ho mellom anna peika på kor viktig god språkstimulering i førskulealder er. Ho framheva leiken som sjølve motoren i all læring, og argumenterte for at leikprega arbeidsmåtar og estetiske opplevingar motiverer barna.

Dei estetiske opplevingane, som høgtlesing, bør ha god kvalitet, fortalde ho. I denne samanhengen er vaksenrolla viktig. Dei tilsette i barnehagane bør vere medvitne om å bruke bøker av god kvalitet, og ein bør tenke på at sjølve lesestunda skal bli ei god oppleving. Ein rolig lesekrok utan for mykje «visuelt rot» er ein fordel, og dei vaksne bør vere medvitne på korleis ein som høgtlesar formidlar ulike typar tekstar på best mogleg vis.

Gjennom ein praktisk del fekk deltakarane prøvd ut ulike aktivitetar og bruk av kropp og stemme. – Måten vi vaksne les på er avgjerande, sa Mesingset. – Dei vaksne si leseglede er viktig!

Språkmiljø og språkstimulering

Ingeborg Mjør, førsteamanuensis ved Høgskolen i Bergen, presenterte Temahefte om språkmiljø og språkstimulering i barnehagen. Temaheftet tek utgangspunkt i den tospråklege situasjonen som i dag er ein realitet i barnehagane, og Mjør, som er ein av forfattarane av heftet, fortalde at dei har lagt vekt på at alle barn skal få god stimulering i barnehagen. Dei har særleg lagt vekt på dei yngste barna og fleirpråklege barn, men Mjør viste oss at også utfordringar som gjeld nynorsk blir tematiserte i heftet.

Mjør framheva at det å bruke nynorsk på mange måtar kan vere ein rikdom for språkmiljøet i barnehagen, og gav nokre konkrete råd om korleis ein kan gjere nynorsk synleg i kvardagssituasjonar og gjennom høgtlesing. Ein bør ta utfordringa å lese nynorsk ikkje berre på dialekt, oppmoda Mjør. Når vi les på nynorsk blir barna vane med å høyre dette skriftspråket, og det er i seg sjølv positivt for seinare leseutvikling. I tillegg kan det å lese på nynorsk inspirere til gode samtalar med barna – om språk – og Mjør la vekt på at ein gjerne kan lære barn omgrep som gjer det lettare for dei å snakke om språk. Gjennom omgrep som til dømes «dialektar», «bokmål», «nynorsk» og «bokstavrim» får barna eit ordforråd som gjer det mogleg å snakke om språklege fenomen og språkleg mangfald, forklarte ho, og la til at det å snakke om språk på denne måten styrkjer det metaspråklege medvitet til barna.

Songar i barnehagen

Det var eit variert seminar med både praktisk og teoretisk innhald. Bergljot Lyssand Bjøro gav oss eit nytt knippe av nynorske songar i barnehagen. Ho la vekt på det å skape gode opplevingar og viste korleis ein kan komponere gode samlingsstunder ved å bruke ei forteljing som ein raud tråd som knyter ulike songar saman. Ho hadde ein klar bodskap til alle når det gjeld terskelen for å ta i bruk eiga songstemme: – Alle kan syngje! Alle har noko å bidra med! Ho forsikra oss om at barna lærer seg songane rett, trass i at nokon kanskje syng litt falskt for dei ein gong i blant.

Presentasjonar og utstillingar

Innimellom dei faglege aktivitetane var det kortare innslag med meir praktisk informasjon. Nynorsksenteret sine nettsider Nynorsk for dei minste og barnesidene Les for meg! vart presenterte, og Erle Stokke frå Blåmann Barnebokklubb fortalde litt om tilbodet deira i ulike sjangrar og for ulike aldersgrupper. Toyni Tobekk frå kulturavisa Pirion hadde ein fin stand, der ein kunne få sjå nærare på ulike utgåver av Pirion, og i tillegg hadde ho med fleire fine biletbøker av mellom andre Rasmus Løland.

På slutten av dagen hadde deltakarane sjølve ei oppsummering av seminaret, og vi kan la deira ord tene som ei avrunding også her: Programmet gav dei gode innspel både i høve til å vere medvitne om kva bøker ein vel, korleis ein formidlar bøker og korleis ein kan leggje praktisk til rette for å få til gode lesestunder. Presentasjonen av nettsidene «Nynorsk for dei minste» vekte interesse, og dei hadde fått med seg gode innspel til korleis og kvifor ein burde bruke gode nynorske songar, dikt og bøker i barnehagen.

Publisert: 29.09.2010 12:40

« Tilbake
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 15.08.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)