Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Nytt om FoU /

Leselyst og skriveglede i Bergen

6. oktober held Nynorsksenteret samling for elleve FoU-skular med nynorsk som hovudmål. Felles for alle prosjekta er at dei har med lesing å gjere. Som ei ekstra drahjelp i starten av prosjektperioden har vi invitert fire dagsaktuelle nynorskforfattarar til å snakke om leselyst og skriveglede.

Erna Osland skriv fagprosa for born. Ho fortel korleis hennar måte å arbeide med tema og tekstar kan inspirere elevane til å forske og skrive sjølve. Vi får også møte spissmusa Herr Spiss i eit lite dokketeater ved Adele Duus.

Asbjørn Rydland debuterer med ein fantasy-roman kalla Drakeguten. Dette er den første boka i ein serie på fem, og boka har fått svært god mottaking. Eit utdrag er med i txt-aksjonen i år. Rydland fortel om kva som har inspirert han til å bli forfattar og les frå forteljinga om Drakeguten. (www.facebook.com/Drakeguten)

Arnfinn Kolerud er ein prislønt ungdomsforfattar som mellom anna har motteke kritikarprisen og Kyrkje- og kulturdepartementet sin pris for beste barne- og ungdomsbok. Språkleg overskot og lun humor er typiske kjenneteikn. I år er han aktuell med ei lettlesen bok for born og ein roman for vaksne. Skriveglede er tema for innlegget hans.

Magnhild Bruheim er kanskje mest kjend for ungdomskrim-trilogien om venninnene Kami og Bente. Ho fortel om korleis ein kan førebu og bruke forfattarbesøket best mogleg i skulen. (www.magnhildbruheim.no)

Seminaret er ope, med påmeldingfrist fredag 1. oktober kl. 12.00. Prisen er 500 kr inkludert mat. Meld deg på til hjalmar.eiksund@hivolda.no.

Publisert: 29.09.2010 15:00

Les meir: Program og meir informasjon
« Tilbake
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 15.08.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)