Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Nytt om FoU /

Med nynorsk til betre skriving

«Med nynorsk til betre skriving – med skriving til betre læring» er arbeidstittelen på eit prosjekt med skriving i fleire fag ved Ulstein vidaregåande skule. Læreplanane i Kunnskapslyftet legg vekt på skriving som ei av fem grunnleggjande ferdigheiter i alle fag.

Tekst: Odd Goksøyr, Ulstein vidaregåande skule

Dei nye læreplanane har auka vekt på sak- eller fagskriving. Tradisjonelt har norsklæraren vore den som hadde ansvaret for tekst- og språklæring på norsk i vidare­gåande skule, og det har vore lite kommunikasjon mellom norsklæraren og andre teksttradisjonar i skulen (som rapportskriving i naturfag, samfunnsfaglege drøftingar osv.). Det ville vi freiste å endre på, og vi sette difor i gang eit prosjekt der norsklærarane samarbeidde med andre faglærarar.

Utgangspunktet i prosjektet er at det finst ein del grunnelement som kan sjåast i samanheng: kompetanse i nynorsk, tekstkompetanse, samanheng mellom munnleg og skriftleg, og sjølvsagt kompetanse i ulike fag.

Reint praktisk vart prosjektet starta opp på vg2, der alle norsklærarane samarbeidde med nokre andre faglærarar (kjemi, treningslære og it) som låg i same «blokk» på timeplanen. Dette involverte til saman seks klasser. Den konkrete skrivinga med utgangspunkt i prosjektet (elevane skreiv sjølvsagt også «vanlege» tekstar i dei ulike faga) var skriving av konsentrerte fag­tekstar (korttekstar) som vart vurderte i det aktuelle faget, og ein større tekst, fagartikkel, som vart vurdert av både faglærar og norsklærar.

Korttekstane

Tanken bak å skrive korte, konsentrerte tekstar var å finne ei form der eleven både måtte gjennomføre ein skriveprosess med grundig gjennomarbeiding av ein tekst og å gi og få respons. I mange fag er dette også ein teksttype som kan inngå i ein skriftleg eksamen (m.a. i norsk). Elevane vart delte i skrive- og responsgrupper på tre, og all tekstproduksjon skjedde i faste malar, slik at all skriving knytt til ei oppgåve vart samla i eitt dokument. Oppgåvene var individuelle slik at ein klasse på 27 elevar hadde 27 ulike oppgåver innafor emnet. I tillegg til den skrivne teksten måtte kvar elev lage eit kort føredrag over si oppgåve som dei heldt for klassen. Dermed fekk ein eit munnleg element i opplegget, og dette fungerte også som repetisjon og utdjuping reint fagleg. Den munnlege presentasjonen skulle vere eit sjølvstendig arbeid, ikkje ei opplesing av kortteksten.

I norsk gjennomførte ein to omgangar med korttekstar, ein som heimearbeid, og ein som skule­basert skriving. Det siste fungerte best, sidan opplegget krev samarbeid og disiplin av alle elevane. Alle utkast må til dømes liggje føre når responsen skal skrivast.

Fagartikkelen

For fagartikkelen vart det gitt ei temaformulering for kvart fag. Eleven måtte så sjølv utforme problemstilling og oppgåvetittel. Her var det også formelle krav til kjeldebruk og omfang. Eit spesielt forhold for nynorskelevar er at dei fleste norske kjeldene vil vere på bokmål. Dette kan sjølvsagt sjåast på som eit problem, men kan også bli ein styrke: Ein nynorskbrukar må dermed vere meir medveten om korleis ho bruker element frå kjeldene inne i sin eigen tekst, noko som kan resultere i eit meir personleg og gjennomarbeidd språk.

Fagartikkelen vart gjennomført tidleg i andre termin. I tillegg til at både faglærar og norsklærar vurderte kvar enkelt tekst, valde dei involverte lærarane ut ein del tekstar som vart vurderte og drøfta i fellesskap. Særleg var det siste ein nyttig prosess.

Erfaringar

Så langt kan vi seie at samarbeidselementet og vektlegginga av tekstkompetanse på tvers av faga har fungert positivt. Men samarbeid krev organisering, og det kan vere eit problem når mange lærarar skal samarbeide på tvers av faga. I kva grad eit slikt prosjekt fører til auka læring for elevane, er sjølvsagt vanskeleg å måle, men prosjektet har element som vi trur kan styrkje systematisk arbeid og bevisstgjering rundt fag- og skriveprosessar.

Rapportar

Publisert: 06.01.2011 10:35 av Arild Torvund Olsen

« Tilbake
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 15.08.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)