Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Nytt om FoU /

Korleis opne eit Kinderegg

Publisert: 19.05.2011 13:05
Av Marit Wadsten

I ein 9. klasse ved Seljord ungdomsskule er det musestille når «lesedrikken» blir servert i store krus. Elevane har kokt kakao, nokre har med heimebakte bollar, dei har krølla seg godt til, og dei har funne fram ullpledd. Det er tid for høgtlesing av eit nytt kapittel i den nye nynorske ungdomsromanen dei held på å skrive.

Anne Marthe Lindheim er lærar og initiativtakar til prosjektet «Samskriving med hemmeleg forfattar – eit skrivedidaktisk Kinderegg» ved Seljord ungdomsskule. Ho fortel at det knyter seg stor spenning til lesestunda, og at elevane har høge forventingar når eit nytt kapittel kjem frå forfattaren dei samarbeider med.

Grunnleggjande ferdigheiter i alle fag

Ein kan undre seg på om det verkeleg er mogleg å lage eit tverrfagleg undervisingopplegg som gir både skjønnlitterær og faglitterær leselyst, som utviklar elevane sine evner til kritisk lesing og til kjeldekritikk, og som samtidig gir dei eit positivt møte med nynorsk språk og litteratur? Anne Marthe har teke utfordringa og meiner at prosjektet dekkjer mange viktige element på ein gong, både i norskfaget og i andre fag, og at det samstundes handlar om grunnleggjande ferdigheiter i alle fag.

Etter lesestunda der det nye kapittelet blir lese opp, er det klassesamtale der innhald og handling blir drøfta. Det knyter seg stor spenning til kva forfattaren har brukt av det dei har sendt inn, og det er sjølvsagt stor stas om nokon kjenner att sine eigne setningar. Elevane kan komme med direkte reaksjonar på innhaldet, dei les med eit kritisk blikk, og dei bidreg også med språkvask. Om dei finn skrivefeil, melder dei frå om dette til forfattaren.

Kongo

Boka har enno ikkje fått nokon tittel, men ho handlar om ungdommane Andreas og Kine. Dei reiser til Kongo. Her oppdagar dei at foreldra oppfører seg rart, og dette vil dei finne ut av. Spenning, drama og kjærleik er viktige ingrediensar i forteljinga, og elevane er fengde av historia. Det er lett å forstå når vi les eit utdrag frå kapittel 3: «Han skjønnar etter kvart kva som vekte han. Det er stemmer frå det opne vindauget ut mot hagen. Han står opp, tenner ikkje lyset, hjartet dundrar i brystet, han stiller seg ved myggnettingen, tør nesten ikkje å puste. Det er i alle fall pappa som snakkar, men han bare tullesnakkar på tullespråk, og Andreas senkar skuldrene då han skjønnar at pappa må ha gått i søvne. Men så høyrer han at nokon svarar …»

Kjeldearbeid i samfunnsfag

Det er elevane som gjer kjeldearbeid. Dei får spørsmål frå forfattaren som dei skal finne svar på. I samfunnsfagtimane har dei til dømes funne ut kvar dei største diamantgruvene i Kongo ligg, og korleis situasjonen i Kongo er no. Er det krig eller fred der? Dei siste spørsmåla frå forfattaren handlar om etniske grupper, spesielt hutuar, den kongolesiske hæren, nasjonale grenser kontra grenser mellom folkegrupper og om maktfordeling. Det er eit stort og omfattande arbeid elevane gjer for å finne faktakunnskap og stoff til kvart kapittel, og dette forar dei så forfattaren med.

Dei kan også få i oppdrag å skrive fem setningar som forslag til innleiing og avslutting av kapittelet, eller dei kan skrive forslag til personkarakteristikkar. Forfattaren stiller spørsmål som «Kva skjer når Kine drar på fest?», «Kva skjer mellom dei to hovudpersonane?», «Kva skjer mellom Kine og Andreas?»

Elevane er engasjerte og kjem med tips til utvikling av dramaet, kanskje henta frå eigen kvardag? «Verkar som Andreas blir litt betatt av Kine, men er kanskje usikker, sidan han eigentleg var eller er forelska i Ida, som bur i Noreg, og Kine litt betatt av Christoffer. Det som kan bli spennande, er korleis «forholdet» deires fortsetter, og kanskje eit «trekantdrama» mellom Kine, Andreas og Christoffer? Kanskje litt Facebook-drama? Bilde, statusar eller veggmeldingar?»

Dei gir også attendemeldingar på fagstoffet dei har sendt, som t.d.: «Vi fann ingen info om diamantgruver i Kongo.»

Elevane er no midt i utpakkinga av Kinderegget, og dei er i ferd med å pusle saman delane av det som skal bli ein heil roman. Elevane er sjølvsagt spente på om romanen blir gitt ut, og også på å få vite kven forfattaren er.

« Tilbake
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 15.08.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)