Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Nytt om FoU /

Tidleg start med nynorsk når bokmål er hovudmålet

Barn er nysgjerrige, og ved å snakke om, leike med og prøve ut nye språkvariantar utviklar dei språkkompetansen.

Av Hilde Traavik (Høgskolen i Bergen) og Benthe Kolberg Jansson (Høgskolen i Østfold).
Illustrert av Torun Hunnes

I denne samanhengen er arbeid med dei to norske målformene ein ressurs. Elevane skal også ha god skriftleg kompetanse i begge målformer etter 10. trinn, og da er tidleg start ein stor fordel. Dette var utgangspunktet da tre tredjeklassar i Stavanger, to femteklassar i Østfold og ein femteklasse nær Bergen vart med i prosjektet «Tidleg start med nynorsk».

Den første skrivinga

Dei første tekstene elevane skriv på nynorsk, kan gjerne vere avskrift. Stavanger-elevane fekk utdelt innleiinga til eit eventyr, som dei skreiv av. Slik fekk dei prøve å skrive på nynorsk, og gjennom avskrifta gjorde dei teksta til si eiga: Dei skreiv ho for hand, illustrerte og pynta. Dei fekk liknande oppgåver til to andre utdrag frå eventyret. Den aller siste oppgåva var å skrive ein eigen slutt – på så godt nynorsk som dei kunne.  Dei fekk da «eksperimentere» med å skrive nynorsk, slik læreplanen legg opp til.

Kontrastivt arbeid med språk i tredje klasse

LK06 legg opp til kontrastivt arbeid med språk: å samanlikne talespråk og skriftspråk (begge målformer), og ulike dialektar. Slikt arbeid utviklar det språklege medvitet, og kan styrkje skrive- og lesekompetansen i begge målformer. Stavanger-elevane skulle etter kvar «avskriftsøkt» finne ord som er ulike på nynorsk og bokmål. Dei snakka om orda, og læraren laga ein tabell på tavla der skrivemåten på nynorsk og bokmål blei samanlikna. Tabellen skreiv elevane inn i bøkene sine. Eit viktig poeng her er at dei fleste orda blir skrivne likt på nynorsk og bokmål. Desse bør ein også peike på når ein samanliknar målformene.

Kontrastivt arbeid med språk i femte klasse

Korte tekster, t.d. vitsar, er veleigna som utgangspunkt for kontrastivt språkarbeid. I Østfold-klassen kopierte læraren nokre vitsar frå Barnas eigne vitsar (Samlaget 2011) og laga oppgåver til:

  • Skriv av den vitsen du likar best.
  • Les vitsen for ein elev eller for klassen.
  • Lag eit skjema under vitsen. Skriv «Nynorsk» over kolonnen til venstre og «Bokmål» på den andre.
  • I «nynorskkolonnen» skriv du alle ord som blir skrivne annleis på nynorsk enn på bokmål.
  • I den andre kolonnen skriv du tilsvarande ord på bokmål.

Da elevane var ferdige, skreiv læraren i eit skjema på tavla noko av det elevane hadde funne ut. Deretter følgde ei klassesamtale om likskapar og forskjellar mellom nynorsk og bokmål, der også talemålet blei trekt inn.

Femteklassingane nær Bergen har samfunnsfagsbøker på nynorsk. Læraren si tavleskriving er på nynorsk i dette faget, og ho legg opp til kontrastivt språkarbeid, både munnleg og skriftleg. Elevane blir bedne om å skrive på nynorsk, utan at det blir lagt noko press på dei.

Klassen har fått eitt sett med skjønnlitterære småbøker og eitt med tekster om samfunnsfaglege emne. Bak i bøkene er det oppgåver. Desse likar elevane godt, og det ser ut til å vere like naturleg for dei å lese nynorske tekster og skrive med utgangspunkt i dei, som å lese og skrive på bokmål.

Sluttord

I ein kort artikkel får vi berre gitt smakebitar frå «tidleg start»-klassane. Men uansett klassesteg vil vi framheve ein aktivitet når det gjeld å utvikle lese- og skrivekompetansen til elevane, nemleg læraren si høgtlesing. Høgtlesing frå ei god bok, til dømes Vaffelhjarte (Maria Parr) for dei mindre elevane, Tonje Glimmerdal (av same forfattar) eller Forteljingar om Jolver (av Rune Belsvik) for dei større er eit av dei beste språkstimulerande tiltaka som finst – i tillegg til at det er ei triveleg fellesoppleving og gir del i kulturarven.

Publisert: 26.01.2012 12:40 av Arild Torvund Olsen

« Tilbake
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 15.08.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)