Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Nytt om FoU /

Frå Oslo til Vesaas

I desember 2011 viste Elvebakken videregående skole utstillinga «Frå Oslo til Vesaas» på Litteraturhuset i Oslo. Elevar, foreldre og andre interesserte fekk sjå det endelege resultatet av eit stort tverrfagleg prosjekt der 90 elevar ved vg3 mediefag hadde tolka Fuglane av Tarjei Vesaas.

Spennet i utstillinga var stort, frå reine grafiske arbeid som bokomslag, til lydillustrasjonar og kortfilmar. Utstillinga var i samarbeid med Nynorsksenteret, og vi har gleda av å presentere nokre av elevarbeida og ei skildring av undervisingsopplegget her på nettsidene våre. Ein meir utfyllande reportasje frå utstillinga og intervju med lærarar og elevar står i tidsskriftet Norsklæreren 1/2012.

Skildring av undervisingsopplegget

Mål

Eit overordna mål for prosjektet var at elevane skulle bli kjende med eit klassisk nynorsk verk. Lærarane ønskte at elevane skulle oppleve det som meiningsfullt å arbeide med verket gjennom å skape ein eigen (samansett) tekst. Prosjektet er knytt til fleire mål i læreplanen i norsk og mediefag, og hovudtyngda låg på det å meistre det nynorske formverket, å lese nynorske tekstar i original språkdrakt, og å skrive eigne, fortolkande fagtekstar om sentrale skjønnlitterære verk. I mediefag vart det lagt vekt på å kunne utforske, utvikle og drøfte kommunikasjon, forteljarteknikk, dramaturgi og uttrykksformer i medieprodukt og presentasjonar, bruke tidlegare tiders uttrykk som inspirasjonskjelde for eigne uttrykk og å vurdere eigne uttrykk i ein uttrykkshistorisk samanheng.

Arbeidsmåtar

Romanen Fuglane vart presentert for elevane gjennom høgtlesing. Læraren las dei første seks–sju kapitla saman med elevane og diskuterte tematikk og språk i romanen. Elevane las resten av romanen på eiga hand, men læraren styrte progresjonen og brukte norsktimane til å diskutere og jobbe med romanen. Lærarane var varsame med å røpe handlinga, men styrte tolkinga til elevane ved å peike på viktige symbol i teksten. Tanken var at dette ville gi elevane innspel som gjorde det lettare å lese resten av boka på eiga hand.

I mediefag var oppgåva å svare med ei fri tolking, analyse eller eit sjølvstendig verk inspirert av Fuglane. Elevane kunne sjølv velje kva medium dei ville arbeide med, og om dei ville arbeide i gruppe (film) eller individuelt (grafisk, foto osv.). Dei skulle bruke scenar, tematikk, symbolikk, konflikt, karakterar, stemning, bilete, lys eller lyd frå Fuglane som utgangspunkt for produktet.

Elevarbeid

Kortfilmar

Filmskapinga gjekk føre seg i grupper som elevane valde sjølve. Vi har her lenkje til filmane Eg kan tale med fuglar og Tufsen. Filmane er begge inspirerte av romanen Fuglane. Vi kan seie at begge tematiserer det å vere annleis, men filmane gjer det på to svært ulike måtar.

Bokomslag

Dei elevane som jobba med å lage bokomslag til romanen Fuglane, hadde individuelle prosjekt. Kvar elev laga tre ulike omslag baserte på tolkingar av tematikken i romanen, eller inspirerte av estetiske verkemiddel i dette romanuniverset.

Publisert: 19.03.2012 13:20 av Irene Garnes Hareide

« Tilbake
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 15.08.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)