Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Nytt om FoU /

Nynorsk som fagspråk

Språk lærer ein best ved å ta det i bruk i ulike samanhengar. Kva med å lære nynorsk som sidemål ved å bruke det i andre fag enn norsk? Dette er utgangspunktet for eit utviklingsprosjekt ved Stavanger katedralskole.

Tekst: Ingrid Slettevoll
Foto: Asbjørn Aarflot

Bente S. Skartveit, som har hatt ansvar for prosjektet ved skulen, har nytta lærebøker på nynorsk i samfunnsfag for Vg1. I tillegg har Asbjørn Aarflot vore lærar for Vg3 med lærebøker på nynorsk i kjemi 2 og Knut Lekvam for Vg2 med lærebøker på nynorsk i kjemi 1.

Kvart fag er definert av sine eigne fagomgrep og sjangrar. Sidan samfunnsfag og kjemi har få felles språklege kjenneteikn, har det så langt ikkje vore naturleg å samarbeide så mykje om opplegget på tvers av desse faga. Men Bente S. Skartveit, som underviser både i norsk og samfunnsfag i same klassen, seier at ho ser at det er lett å trekkje vekslar på tekstarbeidet elevane gjer i samfunnsfag, når dei i norskfaget skal skrive på nynorsk. Ord og vendingar som dei har vore borti i samfunnsfag, får dei no bruk for når dei skriv i norsk. Og fleire av elevane skriv jamvel nynorsk «av seg sjølv» når dei tek notat eller har skriveøvingar i norsk.

Å lære fagomgrep

Det er avgjerande for elevar som skal lære nynorsk, at dei får møte skriftlege tekstar som gjer dei fortrulege med nynorsk som eit jamstelt bruksspråk som duger. Ein læreboktekst er ein sjanger som skal gjere elevane i stand til å kunne dra slutningar og reflektere innanfor eit fagfelt. Difor bør sjangeren nyttast medvite som tekstgrunnlag når dei skal lære fagomgrep.

På Stavanger katedralskole bruker dei lærebokteksten i samfunnsfag for å tileigne seg eit breitt ordforråd i faget. Nokre gonger les elevane heile teksten på eiga hand heime, jobbar med repetisjonsoppgåver i boka og tek notat på nynorsk. I andre læringssituasjonar er samarbeidslæring ein svært motiverande metode der elevane lærer ved å dele erfaringar og kunnskapar med kvarandre på ulike måtar. Etter eit seminar i regi av Nynorsksenteret med Toril Sjo frå UiO som kursleiar vart lærarane inspirerte til å utforske korleis elevane kan lære til dømes ved gjensidig undervisning av kvarandre eller ved å formulere spørsmål til teksten parvis.

Å lære fagomgrep i samfunnsfagklassen til Bente S. Skartveit er ofte ein prosess der elevane plukkar ut fagomgrep og deretter deler dei med kvarandre i ein felles «omgrepsbank». Desse omgrepa har dei så utforska og jobba med i to- eller trekolonneskjema.

Grunnleggjande ferdigheiter i faget

Ved Stavanger katedralskole har læreboka på nynorsk vore nyttig for å kunne styrkje elevane sin kompetanse i nynorsk og i tillegg gi elevane høve til å utvikle munnlege og skriftlege grunnleggjande ferdigheiter i faget. Når elevane les og samarbeider om lærebokteksten, er både skriftlege og munnlege ferdigheiter integrerte. Elevane har skrive fagtekstar der dei har drøfta påstandar, og dei har hatt munnlege foredrag for klassen der PowerPoint-presentasjonane har vore skrivne på nynorsk.

Erfaringar

Skartveit fortel at ho som lærar har vorte mykje meir klar over kor viktig det er å arbeide med fagtekst på ein systematisk måte, og ho trur at elevane dermed har fått gode strategiar dei kan ta i bruk i andre fag òg. Nokre av elevane meiner ein bør begynne med nynorsk tidlegare enn det ein gjer i norsk skule i dag. Dette kan tyde på at dei ser fordelen av å bruke nynorsk i staden for berre å pugge grammatikken i ungdomsskulen.

– Eg ser at elevane har fått eit mykje meir naturleg­ forhold til nynorsk, seier Bente S. Skartveit.

– Spørsmål om kva ord betyr, blir stadig færre, så eg trur at ordforrådet deira i nynorsk er blitt utvida, og at dei meir eller mindre medvite har plukka opp ein del nynorske vendingar og formuleringar.

Kva meiner elevane?

Kva synest så elevane om denne måten å lære side­målet sitt på? Svara frå eit utval av elevane i Vg1 ved Stavanger katedralskole er tydeleg tale om kva som er god sidemålsopplæring i nynorsk:

Vetle Økland: Eg synest det er ein grei måte å lære på. Eg tenkjer ikkje over at eg lærer på nynorsk, men så lærer eg jo mange ord likevel. Det er bra. Og så hugsar eg fagomgrepa betre når eg først må lære dei på nynorsk.

Jon Erik Nesse: Når ein lærer i berre eitt fag, som norsk, lærer du jo ikkje så mange ord som no. Ein lærer ikkje så mykje av berre å få grammatikk­undervising på tavla. Nynorsken blir ikkje fullt så teoretisk no. Eg har lært masse fag­omgrep. Eg får eit meir bevisst forhold til fagomgrepa. Dessutan må eg bruke dei munnleg, og det er bra. Når me har lese dei i læreboka, må me bruke dei når me diskuterer fagstoffet i klassen etterpå.

Tonje Fjågesund: Det er bra. Det er praktisk bruk av nynorsk. I norsk lærer vi berre det formelle, her bruker vi det. Og det er effektivt; vi lærer nynorsk og fagstoff samstundes!

Publisert: 20.06.2013 09:15 av Arild Torvund Olsen

« Tilbake
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 15.08.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)