Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Forsking og utvikling / Samarbeidsprosjekt /

Samarbeidsprosjekt

Oversikt over prosjekt med støtte frå Nynorsksenteret

For å oppfylle krava i Oppdragsbrevet og Tiltaksplanen, har Nynorsksenteret mange ulike samarbeidsprosjekt med skular rundt omkring i Noreg. Prosjekta blir i hovudsak sette i gang ved at Nynorsksenteret lyser ut midlar og inngår avtalar med ulike skular omkring i landet. Utlysingane kjem på vårparten og gjennomføringa av dei ulike prosjekta kjem som regel i løpet av det påfølgjande skuleåret.

Nynorsksenteret har som mål å ha ei god geografisk og metodisk spreiing på samarbeidsprosjekta. Dersom du jobbar i ein kommune eller ved ein skule som ønskjer å setje i gang med lese-og skrivestimulering på nynorsk, vil vi gjerne at du tek kontakt med oss på nynorsksenteret@hivolda.no.

 

 

Oppdatert av Hjalmar Eiksund 17.12.2014

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)