Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Om senteret / Konferansar / 2006 /

Konferansen «Betre nynorskundervisning»

Nynorsksenteret skipa til den opne dagskonferansen «Betre nynorskundervisning» i Oslo 30. mai. Her såg me nærare på stoda for nynorskundervisninga og presenterte gode føredøme og aktuelle forskings- og utviklingsarbeid innanfor nynorskopplæringa.

Innleiingane frå konferansen er samla i bok 2 i skriftserien til Nynorsksenteret.

Tidspunkt: Tysdag 30. mai 2006 kl. 09.00–15.15
Stad: Clarion Hotel Royal Christiania, Oslo
Pris: Gratis.

Program

09.00–09.15: Opningsinnslag ved Ragnar Hovland

09.15–10.00: «Sugne på sidemål»: Ei kartlegging av sidemålsopplæringa
Tone Abrahamsen, Utdanningsdirektoratet og Anne Steinsvik Nordal, Nynorsksenteret

10.00–10.45: Gje rom for lesing – på nynorsk
Om å skape motivasjon og leseglede ved å velje lesestoff frå den moderne nynorske bokhylla.
Janne Karin Støylen, Nynorsksenteret

10.45–11.15: Pause med kaffi og frukt

11.15–11.45: Nynorsktekster – med eller utan ordliste?
Om korleis elevar i Fredrikstad vurderer nynorskkunnskapane sine.
Benthe Kolberg Jansson, Høgskolen i Østfold

11.45–12.15: «Trodde aldri eg skulle skrive nynorsk mere, eg!»
Om lærarstudentane i fyrste klasse ved Høgskulen i Oslo, som skriv alle mappearbeida sine på nynorsk i norskfaget.
Inger Vederhus, Høgskolen i Oslo

12.15–13.15: Pause med servering av lunsj

13.15–13.45: Å kunna uttrykkja seg skriftleg – på nynorsk
Om kva (fag)lærarane kan gjera for at elevane skal skriva betre fagtekstar.
Hege Myklebust, Høgskolen Stord/Haugesund

13.45–14.30: «Du skriv feil, lærar!»
Når elevane kan meir nynorsk enn lærarane.
Jan Olav Fretland, Høgskulen i Sogn og Fjordane

14.30–14.45: Pause

14.45–15.15: Nynorskløftet – Holmlia skole
Om nynorskprosjektet ved Holmlia skole i Oslo, som har over 50 % minoritetsspråklege elevar. Prosjektet skal styrkje språkkompetansen til elevane ved mellom anna å integrere nynorskopplæringa i fleire fag.
Torill Tørjesen, Holmlia skole

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 10.12.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)