Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Om senteret / Konferansar / 2007 /

Rom for lesing og skriving på nynorsk

Konferansen var i det store auditoriet på Berte Kanutte-huset på Høgskulen i Volda. Emnet for konferansen var korleis ein kan utvikle lese- og skrivekompetanse på ungdomssteget og i vidaregåande skule. Særleg var det fokus på samanhengen mellom lesing og skriving med utgangspunkt i nynorsk tekst.

Manus frå konferansen

Frøydis Hertzberg: Lesing – det viktigste grunnlaget for skrivekompetanse? (PowerPoint-ark)
Per Olav Kaldestad: Diktet: Den disiplinerte språkrusen (manus)

Program

Torsdag 22. mars 2007:
Ope kulturprogram kl. 20.00 i Ivar Aasen-tunet. Forfattarane Erna Osland og Maria Parr las. Musikalske innslag ved Lars Ivar Nordal (song) og Bård Dahle (piano). Inngang: 100,–

Kaféen var open før og etter kulturprogrammet.

Fredag 23. mars:
08.45: Dørene opnar
09.00: Anne Steinsvik Nordal opnar konferansen
09.15: Frøydis Hertzberg: Lesing – det viktigaste grunnlaget for skrivekompetanse?
10.45: Erna Osland: «Eg sit og er glad» – forteljingar frå klasserommet
11.30: Matpause
12.15: Maria Parr: Med ei bok i Den kulturelle skulesekken
12.45: Per Olav Kaldestad: Diktet: Den disiplinerte språkrusen
13.30: Pause
13.45: Samtale med innleiarane
14.10: Janne Karin Støylen, Ingrid Slettevoll og Kristin Kibsgaard Sjøhelle: Rom for lesing og skriving på nynorsk
15.00: Slutt

Om innleiarane

Frøydis Hertzberg
Professor Frøydis Hertzberg er ein av dei aller fremste i landet vårt på fagområdet lese- og skriveopplæring. Ho har eit breitt forskingsfelt innan morsmålsdidaktikk når det gjeld undervisning i både munnleg og skriftleg tekst. Ikkje minst har ho vore sentral i innføring av prosessorientert skriving i skulen. Hertzberg har mange års erfaring med etter- og vidareutdanning av norsklærarar og prosjekt med FoU-arbeid. Ho er tilsett ved ILS, Universitetet i Oslo. Nytt dette høvet til fagleg oppdatering i lese- og skrivedidaktikk.

Per Olav Kaldestad
Per Olav Kaldestad var førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen Stord/Haugesund fram til 1997. Han arbeider som forfattar og har skrive mange bøker i alle sjangrar for både vaksne og born og fleire bøker med gjendiktingar. Kaldestad debuterte i 1973 og har mellom anna vore medredaktør for boka Poetisk modernisme (1995). I 1997 kom Dikt i utval 1973–1993. Blant dei faglitterære utgivingane kan nemnast Diktboka (1984, nyaste reviderte utgåve 2006), skriven saman med Hanne Knutsen. Han har òg skrive tre diktbøker for born. Kaldestad har sidan 1998 vore medredaktør (saman med Karin Beate Vold) for Årboka Litteratur for barn og unge.

Erna Osland
Erna Osland er ein av dei fremste barne- og ungdomsforfattarane i Noreg. Frå debuten i 1987 har ho gjeve ut ei mengd bøker i mange sjangrar, både fakta og fiksjon, og bøkene hennar har vorte heidra med mellom anna Brageprisen og Kritikarprisen. I år er ho festspeldiktar under Dei Nynorske Festspela. Osland har òg vore lærar i grunnskulen og den vidaregåande skulen.

Maria Parr
Maria Parr debuterte i 2005 med den sprudlande barneboka Vaffelhjarte. Boka har vunne Nynorsk barnelitteraturpris og vart òg nominert til Brageprisen. Det siste året har Parr reist mykje kring i skulane og drive med litteraturformidling for born i regi av Den kulturelle skulesekken.

Janne Karin Støylen
Janne Karin Støylen arbeider på Nynorsksenteret med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Ho har tidlegare vore lærar i ungdomsskulen og har vore programansvarleg for Dei Nynorske Festspela.

Ingrid Slettevoll
Ingrid Slettevoll har lang fartstid som lærar i grunnskulen. Ho er no tilsett ved Nynorsksenteret og arbeider med utvikling og didaktisk tilrettelegging av undervisningsopplegg for nynorskopplæringa. Ho har vore medforfattar i læreverket På norsk, Cappelen 2006.

Kristin Kibsgaard Sjøhelle
Kristin Kibsgaard Sjøhelle har erfaring som norsklærar i grunnopplæringa og lærarutdanninga og har i fleire år jobba spesielt med pedagogisk bruk av IKT i norskfaget. For tida er ho tilsett som stipendiat på nynorsksenteret der ho forskar på og formidlar korleis ein kan bruke digitale verkty i nynorskundervisinga.

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 10.12.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)