Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Om senteret / Mandat /

Mandat

Vedteke av Kunnskapsdepartementet 25.11.2010

Føremål

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa skal bidra til at den nasjonale utdanningspolitikken blir iverksett og gjennomført slik at alle barn, unge og vaksne kan få ei likeverdig og tilpassa opplæring av høg kvalitet i eit inkluderande fellesskap.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa skal gjennom si verksemd som nasjonalt ressurssenter bidra til auka kvalitet i arbeidet med nynorsk i barnehagen og grunnopplæringa. Senteret skal vidare bidra til interesse og motivasjon for nynorsk i barnehagen og grunnopplæringa.

Oppgåver

Implementering og bruk av Læreplanverket, Rammeplan for innhald og oppgåver i barnehagen og nasjonale satsingar, mellom anna innanfor kvalitetsutvikling, vurdering og kompetanseutvikling, skal vere sentralt i arbeidet til senteret. Verksemda skal vere knytt til dei overordna måla i sektoren i eit langsiktig perspektiv.

Senteret er eit nasjonalt ressurssenter som skal gje råd og tenester om språkstimulering og opplæring i og på nynorsk i barnehagen og grunnopplæringa. Verksemda skal vere landsdekkjande. Den faglege verksemda skal vere kunnskaps- og forskingsbasert, og senteret skal drive målretta formidling om resultat frå forsking, forsøks- og utviklingsarbeid innan ansvarsområda sine. Formidlinga skal i hovudsak vere nettbasert og skal støtte skular og skuleeigarar med kunnskapsbasert materiale om god praksis. Senteret skal ha kontakt med relevante nasjonale fagmiljø og vere orientert om internasjonal utvikling.

Senteret skal ta initiativ til og gjennomføre kvalitetsutviklingstiltak knytte til fagdidaktisk verksemd i samarbeid med skuleeigarar og UH-sektoren/lærarutdanninga. Senteret skal støtte høgskular og universitet i deira innsats for å realisere nasjonale satsingar som fremjar kompetanseutvikling i grunnopplæringa.

Senteret skal støtte nasjonale utdanningsmyndigheiter med råd og tenester i arbeidet med å realisere den nasjonale utdanningspolitikken innan ansvarsområdet sitt.

Senteret skal vere ein ressurs og samarbeidspart for dei andre nasjonale sentra, lærarutdanninga og andre aktørar i arbeidet med å styrkje nynorskperspektivet i barnehagen og grunnopplæringa.

Senteret kan ta på seg eksternt finansiert verksemd, inkludert forsking, innanfor mandatet for senteret. Men forskingsverksemda skal ikkje finansierast gjennom grunnløyvinga til senteret.

Målgrupper

Lærarar, skuleleiarar, barnehage- og skuleeigarar og pedagogisk personale i barnehagane er dei sentrale målgruppene for verksemda til senteret. Senteret skal støtte UH-sektoren/lærarutdanningsinstitusjonane i arbeidet med satsingar på kompetanseutvikling.

Organisering

Ansvaret for den faglege styringa og oppfølginga er delegert frå Kunnskapsdepartementet til Utdanningsdirektoratet. Senteret er administrativt lagt til Høgskulen i Volda med heimel i Lov om universitet og høgskuler § 1-4 fjerde ledd. Gjennom ei eiga samarbeidsavtale skal høgskulen gjennom administrativ tilrettelegging hjelpe senteret til å verkeleggjere mandatet sitt og utføre oppdraga sine.

Senteret skal vere leidd av ein senterleiar med fagleg og administrativt ansvar for verksemda.

Senteret kan oppnemne ei fagleg referansegruppe som kan gje råd og støtte til senterleiaren i realiseringa av mandatet og det årlege oppdragsbrevet. Referansegruppa kan òg gje råd om faglege og didaktiske spørsmål om nynorsk språkstimulering og opplæring.

Styring

Styringa av senteret skjer gjennom årlege oppdragsbrev. Det skal vere styringsmøte to gonger i året, eventuelt fleire ved behov. Senteret mottek årleg ei grunntildeling frå Utdanningsdirektoratet for å utføre oppgåver som det er gjort greie for i mandatet og i oppdragsbrevet. Senteret kan få tildelt særskilde oppgåver som anten blir finansierte gjennom ramma av grunntildelinga eller gjennom tilleggsløyvingar.

Utdanningsdirektoratet skal godkjenne årsrapporten og rekneskapen.

Direktoratet skal vidare godkjenne årsplan og budsjett for kvart år. Senteret må vere førebudd på å levere status- og situasjonsrapportar når Utdanningsdirektoratet ber om det. All kommunikasjon til nasjonale utdanningsmyndigheiter skal gå via Utdanningsdirektoratet.

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 10.08.2012

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)