Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Om senteret / Nynorske lesegledarar /

Bente Elisabeth Lund

Lesegledar fordi

Lesing og bøker har ført meg dit eg er i dag. Eg vil vise at gode leseopplevingar kan vere med på å forme identitet og utvikling. Eg vil vise veg til dei gode leseopplevingane!

Eg les gjerne

Biletbøker, høgtlesingsbøker og ungdomsbøker, kanskje spesielt i fantasy-sjangeren.

Bakgrunn

Bibliotekrådgjevar med barne- og ungdomslitteratur som fagfelt, og med bakgrunn frå litteraturvitskap og bibliotekfag. Tilsett ved fylkesbiblioteket sidan 2009. Før det var eg ein rask tur innom Førde bibliotek som vikar. Har også rukke å vere innom to bokhandlar og ein periode på Platekompaniet, den gongen det framleis var populært å eige musikk og film. No brenn eg for å formidle god litteratur til born og unge, først og fremst gjennom dei vaksne som står born og unge nærast. Har sjølv to born på 5 og 8 år, som har fått lesing inn med morsmjølka og som stadig må finne seg i å vere testpersonar når mor kjem heim med nye bøker. Lesegledar frå hausten 2015.

Målgruppe

Klassetrinn:

Område: Heile Sogn og Fjordane.

Kontakt

Telefon: 57 63 79 51 (i kontortida)

E-post: bente.lund@sfj.no

Anna

Eg har god kjennskap til nyare barne og ungdomslitteratur og  kjenner målgruppa godt. Men min største styrke ligg i at eg ser korleis ei bok kan brukast på ulike måtar og i ulike samanhengar – ikkje minst i skulesamanheng. Eg kan vise til praksisdøme kor bøker blir tatt med i undervisninga som ein del av «lesing i alle fag». Eg kan tipse om bøker som passar til høgtlesing eller til leseprosjekt. Som innkjøpsansvarleg kan eg kan fortelje om trendar og tendensar som pregar barne- og ungdomslitteraturen. Eg kan snakke om ulike måtar å skape leselyst, og vise «verktøya» vi formidlarar/vaksne rår over for å skape denne leselysta. Dette spekteret gjer at eg nok eignar meg best til meir spesifiserte oppdrag. Dess meir konkret bestillinga er, dess betre blir formidlingsøkta.

Eg presenterer bøker på bokmål og på nynorsk, men med hovudvekt på nynorsk.

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 03.09.2015

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)