Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Om senteret / Nynorske lesegledarar /

Britt Nikøy

Lesegledar fordi

Eg elskar bøker, og det har eg gjort heile mitt liv. Eg har vore lærar, og eg elskar å formidle god litteratur. Det å opne ei ny bok, kjenne lukta og bla i ho, er ei av mine store gleder.

Eg les gjerne

Eg les kva bøker som helst, så lenge dei er godt skrivne, har godt språk og gode illustrasjonar. Eg likar spesielt godt morosame bøker. Dei kan godt vere om eit trist tema, men dei må ha litt humor likevel. Det har eg lært etter så mange år i jobben.

Bakgrunn

Lærarskulen i Sogndal 1977–1980, då vi flytta til Gulen kommune. Lærar på Mjømna og Sande skular, og sidan på Byrknes skule då desse vart nedlagde. Bygde oss hus på Mjømna i 1990, på finaste tomta i Ytre Gulen!

Det siste året har eg trappa ned på lærarjobben og konsentrert meg om å lage eit best muleg skulebibliotek. Mykje arbeid og lite pengar, men eg elskar denne jobben. Særleg fordi eg ser at elevane mine set pris på det eg gjer. Lesegledar frå hausten 2015.

Målgruppe

Klassetrinn: Eg har jobba med skuleungar  heile livet, så no har eg lyst til å prøve noko anna. Vil helst formidle for ungar i barnehage, 3-6-åringar. Eg likar å framføre dikt og forteljingar. Det er kjekt å ha temakveld, der eg set saman ulike sjangrar.

Område

Eg reiser gjerne til heile Sogn og Fjordane.

Kontakt:

Er lettast å få tak i på e-post: britt.nikoy@gulen.kommune.no

Alternativt: 94 89 82 69

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 03.09.2015

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)