Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Om senteret / Nynorske lesegledarar /

Hege Lothe

Lesegledar fordi

Eg har vore med på å lage fleire kampanjar for nynorsk i barnehagane, med artige slagord som «Den fyrste song eg høyre fekk, var Hit me baby one more time!» og «Gjennom ord blir verda stor».

I dette arbeidet har eg blitt klar over kor viktig nynorsk lesing og nynorsk litteratur er for at borna som veks opp med nynorsk hovudmål skal verte både trygge og gode nynorskbrukarar: Så trygge at dei held fast med nynorsken, sjølv i alle dei situasjonane der dei vil oppdage at dei er i eit mindretal.

Eg les gjerne

Eg likar biletbøker og forteljingar, og det finst mange gode faktabøker som er tilpassa born opp til 10 år.

Bakgrunn

Utdanning: Eg er cand.mag. frå Universitetet i Bergen, med geografi, sosiologi og samanliknande politikk i fagkrinsen. I tillegg tok eg faget «Folkekultur og massekultur».

Yrke: Eg er tilsett i Noregs Mållag som informasjons- og organisasjonskonsulent. Lesegledar frå hausten 2015.

Målgruppe

Klassetrinn: Eg vil først og fremst lese for vaksne. Om vi skal nå ut med meir lesing, treng vi at alle dei vaksne rundt ungane blir klar over og glad i all den nynorsk barne- og ungdomslitteraturen som finst i dag. Det er dei vaksne som kan forandre verda rundt ungane. Inviter meg gjerne til foreldremøte eller andre stader der vaksne er samla.

Område: Heile Nordfjord, Jølster, Førde, Flora, Naustdal, Sogndal, Luster, Vik, Balestrand og Leikanger.

Kontakt

Telefon: 92 64 83 48

E-post: hege.lothe@gmail.com

Anna

Eg er oppteken av å formidle dei nynorske barnebøkene. Det er viktig for meg.

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 03.09.2015

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)