Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Tilfang /

Tilfang frå Nynorsksenteret

Nynorsk på 1-2-3 (gratis)
Nynorskkurs i teikneserieform

I dette vesle heftet fortel teikneseriefiguren Rakel det ein treng kunne for å unngå dei vanlegaste feila i nynorsk.

Vil skulen din ha eit gratis klassesett av heftet? Send eit e-brev til ror@hivolda.no.

Nynorskopplæring (gratis)
Eit blad frå Nynorsksenteret

Bladet Nynorskopplæring kjem med tre nummer i året.

Les meir

Spire (gratis)
Eit hefte om nynorsk språkstimulering i barnehagen

Hefte med inspirasjon, boktips og råd om språkstimulering. Ny, revidert utgåve frå 2017.

Les heftet på nett

Vil du ha eit gratis eksemplar av heftet? Send eit e-brev til ror@hivolda.no.

Plakatar (gratis)

Plakatar om nynorsk i barnehagen, nynorsk sidemål på mellomsteget og nynorsk sidemål i ungdomsskulen. Plakatane kan lastast ned og skrivast ut, eller du kan tinge eit gratis papireksemplar i A3.

Berte og Iver og månen (gratis)
Biletbok

Berte og Iver finn på mykje rart i lag. Og så har dei ein løyndom: Dei kan reise kvar dei vil.

Vil du ha eit gratis eksemplar av heftet? Send eit e-brev til ror@hivolda.no.

Nynorsk i bruk
Hefte til sals

Nynorsk i bruk er eit samarbeid mellom Lesesenteret og Nynorsksenteret. Heftet er ein del av serien Lesing er ...

Grammatikk og kjærleik
Musikal om Ivar Aasen

Musikalen «Grammatikk og kjærleik» handlar om barndomen og ungdomstida til Ivar Aasen, fortald gjennom ein kombinasjon av nyskriven musikk, nyskrivne tekstar på nynorsk og dialekt og originale Aasen-tekstar.

Les meir

Skriftserien
Bøker til sals

Målet med skriftserien er å få fram meir faglitteratur med idear og erfaringar om korleis god nynorskundervisning kan vere, og kva som skal til for å lukkast betre med nynorskundervisninga.

Les meir

Skriftserien
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 25.09.2017

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)