Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ressursbase for skulen / Fleirspråklege /

Nynorsk for fleirspråklege

Skjønnlitterær tekst i språkopplæringaSkjønnlitterær tekst i språkopplæringa
Opplegg der eit kapittel frå boka Flukt vert nytta til å sjå på og lære om ulike språklege fenomen.

 

Nynorsk arbeidsgrammatikk for minoritetsspråklege
Denne gratis arbeidsgrammatikken er ei enkel innføring i nynorsk grammatikk for minoritetsspråklege, med både teori, forklaringar og arbeidsoppgåver. Han vender seg særleg til ungdommar og vaksne minoritetsspråklege som ønskjer å lære nynorsk, og som har ein viss skulebakgrunn frå heimlandet.

 

Nynorsk over alle grenserNynorsk over alle grenser (pdf)
Nynorsk over alle grenser gjev ei innføring i særtrekk ved nynorsk rettskriving. Oppgåvene er laga av Torill Tørjesen og Pål Wiik, som har mange års røynsle som norsklærarar på Holmlia i Oslo.

 

Nynorske læreverk for minoritetsspråklege
Eit oversyn over kva læreverk som finst på nynorsk for minoritetsspråklege i grunnskulen og vaksenopplæringa.

 

Klart & kort
Den lettlesne avisa Klart & kort høver godt for ungdommar og vaksne, og har litt større skrift og enklare språk enn andre aviser. Det er gratis å laste ned og skrive ut avisa.

 
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 30.05.2017

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)