Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ressursbase for skulen / Musikk /

Musikk

Spelelister med nynorske songar

Nynorske songar til nedlasting

Dagane
Hilde Myklebust og Heidi Marie Vestrheim har laga ein song om vekedagane. Her finn du både tekst, illustrerte ark for kvar vekedag, musikkvideo, gitargrep, komp og innspeling av songen.

 

Nynorske barnesongbøker på nett

Tunkatten si songbok
På vevsida til Tunkatten har Ivar Aasen-tunet laga ei songbok med nye og gamle nynorske barnesongar. På songboksidene finn du både notar, komp og innspelingar av songane.

 

Songboka mi
Songbok i nettutgåve på sida til Nasjonalbiblioteket.

 

Ride, ride ranke
Bok med barnesongar og barnerim i nettutgåve på sida til Nasjonalbiblioteket.

 

Norske barnerim
Bok med barnesongar og barnerim i nettutgåve på sida til Nasjonalbiblioteket.

 

Nynorske barnesongbøker i handelen

Song for deg og meg
Songskattar, viser og populære songar på nynorsk og dialekt. Av Odd Nordstoga (red.), Samlaget 2014

 

Syng sjøl
114 nynorske barnesongar. Nokre av songane finst òg samla på ein CD. Av Geirmund Johnsen (red.), Selja Forlag 2004

 

Musikal på nynorsk

Grammatikk og kjærleik
Musikalen Grammatikk og kjærleik handlar om barndomen og ungdomstida til Ivar Aasen. Nynorsksenteret kan tilby ein skulepakke med CD-ar og notar som gjer det lett å ta i bruk musikalen, anten de vil setje opp heile stykket eller berre vil bruke nokre av songane i eit skuleprosjekt.

 

Andre musikkressursar

 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 17.08.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)