Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ressursbase for skulen / Musikk /

Magisk grammatikk

Bratteberg skule har gjort det. Det same har Volda vidaregåande, Godøy skule, Velle skule og fleire andre institusjonar rundt omkring i Noreg: Dei har alle sett opp musikalen «Grammatikk og kjærleik», som er basert på livet til Ivar Aasen.

Tekst: Hjalmar Eiksund
Foto av Ivar Aasen frå oppsetjinga til Kaupanger skule: Geir Bjarte Hjetland

Ved Kaupanger skule brukte elevar og lærarar store delar av fjoråret på oppsetjinga, og både elevar og lærarar meiner det freistar å gjere det igjen. Musikalen var den kulturelle hovud­satsinga førre skuleår, med to hundre elevar på scena. Dette var første gong skulen sette opp noko så stort. Etter suksessen ønskjer skulen å ha ei større framsyning jamleg, kan hende kvart tredje eller fjerde år.

Primus motor for oppsetjinga,­ Kari Malmanger, er full av lovord over innsatsen til alle involverte.

– Det var utruleg viktig at heile skulen bestemte seg for at vi skulle gjere dette, og gjere det skikkeleg. Alle tilsette på Kaupanger skule gjorde ein fantastisk jobb! Det var Kari som saman med ein kollega kom over musikalen på ein konferanse i regi av Nynorsksenteret. Dei fekk CD-en Grammatikk og kjærleik i gåve, og på veg heim sette dei han i musikk­anlegget i bilen. Dei hadde lenge leika med tanken om eit musikalprosjekt, og plutseleg hadde dei noko som var midt i blinken. Både musikken, temaet og heile musikalen var så fengjande­ at dei bestemte seg for å setje i gang.

Skulen sette av store delar av skuleåret til innøvinga.

– Eigentleg passar musikalen best for ei homogen aldersgruppe, så vi måtte forenkle han for at han skulle kunne brukast i 1.–10. klasse, fortel Kari Malmanger. Nokre songar vart bytte ut med folketonar med Aasen-tekstar, medan andre arrangement­ vart reduserte frå fire- til tostemt kor. Skulen hadde audition for solist­rollene, medan­ fem forskjellige kor song ulike songar. CD-en var til stor hjelp. Vi brukte kompet­ på det meste av musikken, men på somme songar var toneleiet vanskeleg for solisten, og då hadde skulen­ eige band i staden.

Storsatsing

Skulen la ned mykje ressursar i satsinga. Det vart hyrt inn ein distriktsmusikar på piano i tillegg til ein ekstern danselærar som tok seg av koreografien. Det var øvingar jamt og trutt, og dei siste vekene før framsyning var det berre øvingar heile tida, særleg for solistane. Somme solistar fekk utteljing i musikkarakteren for rolla dei gjorde.

Marielle Brandshaug (12), som var ein av solistane, fortel engasjert om korleis andre fag ein periode måtte vike for øvingar til musi­kalen.

– Det var mykje jobb, og av og til måtte vi øve trass i at vi eigentleg kunne songane, men på den måten var vi sikre på at alt gjekk bra på sjølve oppsetjinga. Ho er klar på at ho ville gjort det same igjen.

–Alle bør ha sjansen til å få vere med på ein slik musikal. Det er veldig morosamt!

Magisk stemning

Etter framsyningane var alle stolte. Ifølgje Sogn Avis skapte elevane ei «magisk stemning». Alle lærarane er einige om at dette har vore eit verdifullt prosjekt både som læring for elevane og som bygging av skule­miljø og omdømme. Det var fantastisk respons frå publikum­ på framsyningane og etterpå.

– Ei stund kunne vi ikkje gå på butikken eingong utan å bli stoppa av entusiastiske bygde­folk, fortel Kari Malmanger. – I haust vart skulen tildelt Dronning Sonjas skolepris. Det gode skule­miljøet ved Kaupanger skule var med i grunngivinga, noko som tydeleg kjem fram i entusiasmen rundt oppsetjinga.

– Ved Kaupanger skule er det i utgangspunktet eit veldig positivt syn på nynorsken. Her treng ikkje skriftspråket nokon PR-offensiv, slik det treng på ein del andre skular, held Kari Malmanger­ fram. Det er ikkje farleg å tenkje nytt for å formidle språkhistoria, men det er viktig at ein gjer det med kvalitet. Når elevane merka at det var kvalitet på det dei var med på, vart dei endå stoltare. Foreldra var ikkje berre stolte fordi det var deira eigne håpefulle som stod på scena, men dei var stolte fordi produktet var så bra! Songane appellerte til elevane, og dei likte verkeleg å jobbe med dei. Vi tek gjerne opp att denne musikalen ein annan gong, men fyrst må det bli noko anna ei stund. Variasjon er òg viktig.

Skulepakke og smakebitar

www.nynorsksenteret.no/musikal kan du høyre og sjå smakebitar frå musikalen. I tillegg er det høve til å tinge CD-en og/eller skulepakken med manus og notar.

Publisert: 06.01.2011 14:00 av Arild Torvund Olsen

« Tilbake
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 04.10.2017

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)