Nynorsksenteret

Framsida | Nettressursar | Materiell | Fagtekstar | Forsking og utvikling | Om oss

Ressursbase for skulen / Tekstar og lesetips /

Tekstar og lesetips

Tekstbasen
Tekstbasen er ei samling av nynorske sakprosatekstar til bruk i grunnskulen og i vidaregåande skule. Tekstane er autentiske tekstar henta frå ulike aviser, blad og nettstader. Dei viser mange ulike sjangrar og stiltypar, til dømes reklamar og reportasjar.

 

Nynorskbok.no
På Nynorskbok.no kan lærarar og andre finne tips til nye, gode nynorske bøker og teikneseriar som høver for ulike aldersgrupper. Dei nyaste tipsa ligg kronologisk på framsida, medan du i sidemenyen kan finne bøkene sorterte etter sjanger, emne og aldersgruppe.

 

TeikneseriarRessurssider om teikneseriar
Bruk av nynorske teikneseriar kan vere ein motiverande og spanande innfallsvinkel til norsk­undervisninga. På vevstaden www.nynorsksenteret.no/teikneseriar finn du nynorske teikne­seriar av ulike slag. Vevstaden kan òg by på lærarressursar og sider med tips og triks for elevar.

 

Til KautokeinoBrett ei bok 
Forfattaren Erna Osland har laga ei samling med små forteljingar. Tekstane ligg ute som brettebøker, slik at borna kan skrive ut ark og sjølve brette dei til bøker.

Berte og Iver
Aktivitetssidene Berte og Iver inneheld språkstimulerande aktivitetar for dei minste. Borna kan spele spel, sjå nynorske animasjonsfilmar, høyre høyrespel, leike med språket og mykje meir.

 
 

 

Oppdatert av  Arild Torvund Olsen 16.03.2016

Nynorsksenteret, Høgskulen i Volda, Postboks 500, 6101 Volda
E-post: post@nynorsksenteret.no | Telefon: 70 07 51 72 (leiaren) eller 70 07 50 00 (sentralbordet)