Nynorske appar og digitale ressursar 1.–7. trinn

Lista er under stadig oppdatering. Kom gjerne med tips: post@nynorsksenteret.no 

Lesemeister
Lesemeister

Bøker og lydbøker. Elevane kan velje å sjå bøkene sorterte etter målform.

Finst for nettlesar og som app for iOS.

Barneboker
Samlaget barnebøker

Ein kan kjøpe ei og ei bok frå Samlaget sine barnebøker.

Finst for iOS.

Leseland
Leseland

Alle bøkene i Leseland-serien til Samlaget. Fire nivå. Les sjølv, les for meg og les med meg-funksjon. Lisens eller kjøpe ei og ei bok.

Finst for iOS.

Bokbussen
Bokbussen

Menyen og introduksjonen er på bokmål, deretter kan du velje nynorskversjonen av bøkene. Lisens.

Finst for iOS og Android.

Spraakkista2
Språkkista 2

Ein språktreningsapp som tek utgangspunkt i ti kvardagstema med 30 ord og omgrep i kvar. Ved å trykkje på eit bilete vert ordet lese opp.

Finst for iOS og Android.

Tella
Tella

Teljeprogram med talestemme. Gratis.

Finst for iOS og Android.

Multi Smart Oving
Multi Smart Øving

Eit matematikk-øveprogram der elevane får tilpassa nivået etter kvart som dei løyser oppgåvene. Lisens.

Paa Sporet Abc
På sporet ABC (NN)

Ein lesetrenings-app der du lastar ned nynorskversjonen og dermed slepp å velje språk i ein meny etterpå. Utvikla av Lesesenteret. Talestemme, ikkje kunstig talesyntese. Gratis.

Finst for iOS og Android.

Grapho Game
Grapho Game Norsk

Lyd- og bokstav-øvingsapp.

Finst for iOS og Android.

Framtidajr Logokvadrat
Framtida junior

Framtidajunior.no er ei nynorsk nettavis for born i alderen 9–13 år. Her finn du dagsaktuelle nyhendesaker tilpassa målgruppa, interessante kultursaker, bokmeldingar, kvissar og mykje meir. Det er også høve til å sende inn eigne bokmeldingar, meiningar eller andre tekstar til avisa.

Ordbok
Nynorskordboka

Nynorskordboka er ei oppdatert nynorsk nettordbok, med bruksdøme, opplysingar om tydingar og korte etymologiar.

I tillegg til nettutgåva finst ho som app for iOS og Android.

Berte Og Iver Ikon
Aktivitetssidene Berte og Iver

Berte og Iver inneheld språkstimulerande spel og moro. Utforsk huset deira, som er fullt av aktivitetar, språk og bokstavar.

Opne via nettlesaren. Slik legg du sida til som ein app på iPad.