• Blogg
  • Barnesongar på nynorsk

Barnesongar på nynorsk

03.04.2024

Hildegunn til nyhendebrev

Barn lærer språk gjennom øyra, og song, rim og regler bidreg til at dei møter eit mangfald av tekster i barnehagen. I denne ressursen finn de eit utval av barnesongar på nynorsk; songar som tek føre seg vekedagane, tal, fargar og andre sentrale ord i det nynorske skriftspråket. 

Ressursen kan nyttast som inspirasjon eller utvikling i personalgruppa, og til kvar film ligg det ved ein PDF med tekstar til utskrift, som ein gjerne kan laminere til bruk på avdelingane. Dersom ein skal nytte filmane i personalgruppa, er det ein fordel å kople datamaskina til ein ekstra høgtalar for god lyd!

Hildegunn2
Barnesongar på nynorsk – småbarnsavdeling

Her finn du to filmar med gode nynorske barnesongar som kan passe på småbarnsavdeling.

Hildegunn1
Barnesongar på nynorsk – storbarnsavdeling

Her finn du to filmar med gode nynorske barnesongar som kan passe på storbarnsavdeling.