• Blogg
  • Ressurs: Berekraftig utvikling og miljøbevisstheit

Ressurs: Berekraftig utvikling og miljøbevisstheit

27.02.2023

Markus spiske 4y K8i Da Wnm8 unsplash

Vi har laga ein ny tverrfagleg ressurs om berekraftig utvikling og miljøbevisstheit.

Eit av dei tverrfaglege temaa i LK20 er berekraftig utvikling. Samtidig kan vi lese at «respekt for naturen og miljøbevisstheit» er eit av punkta under verdigrunnlaget i opplæringa. I denne ressursen har vi teke utgangspunkt i desse to punkta, og elevane skal få samtale, utforske, lese, skrive og vere aktive både inne i klasserommet og ute. Oppgåvene og aktivitetane tek føre seg kompetansemål i ulike fag etter 4. trinn. Med tilpassingar kan fleire opplegg i ressursen brukast for dei som lærer nynorsk som innvandrarar.