• Blogg
  • Gratis teikneserieantologi

Gratis teikneserieantologi

17.04.2018

Omslagsbilete

Bobler frå djupet er ein ny antologi med teikneseriar på nynorsk. Teikneseriane er særleg retta mot elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Antologien inneheld desse seriane:

  • «Cordelia» av Johanne Eikå Bergill
  • «Bjartmann» av Øystein Runde
  • «Kongen i havet» av Katarina Aasgaard Strømsvåg
  • «Jojo» av Ida Neverdahl
  • «Dunce» av Jens K. Styve
  • «Freden» av Jey Levang

Gratis klassesett

Skular kan tinga eit gratis klassesett av antologien ved å kontakta oss på ror@hivolda.no. Dersom skulen din vil ha meir enn eitt klassesett, er det mogleg å kjøpa ekstra hefte for 20 kr heftet.

Nettressursar

www.nynorsksenteret.no/teikneseriar ligg det ute ressursar for skular som vil arbeida med teikneseriar. Mellom anna har me laga undervisingsopplegget Frå boble til bokstav med utgangspunkt i to av seriane i antologien.