Hausten – eit kreativt temaarbeid i norsk
02.11.2020

I eit nytt opplegg for ungdomsskulen får elevane arbeide munnleg og skriftleg med språklege bilete.
Målet med arbeidet er å kjenne att og sjølv bruke språklege bilete i eiga tekstskaping. Elevane skal også reflektere over korleis språklege bilete er ein del av det munnlege språket vårt. Gjennom arbeidet med diktet «Haust» av Ruth Lillegraven får elevane reflektere over typiske trekk ved den nynorske skrivemåten. Kunnskapen og refleksjonane som elevane tileignar seg gjennom oppgåvearbeidet, skal gjere dei rusta til å sjølv skrive ein lyrisk korttekst som har hausten som tema. Teksten skal utformast som ein samansett tekst, der bileta understrekar temaet som blir formidla.
