• Blogg
  • Heile verda på nynorsk gjennom Allkunne

Heile verda på nynorsk gjennom Allkunne

29.03.2019

Allkunne Illustrasjon

Tekst: Stina Aasen Lødemel, redaktør i Allkunne
Illustrasjonsfoto: Allkunne

Allkunne er eit kvalitetssikra nettleksikon på nynorsk. På allkunne.no finn du over 25 000 kvalitetssikra leksikonartiklar på nynorsk om ulike emne, og nye artiklar kjem stadig til.

Allkunne finst for at dei 500 000–600 000 nynorskbrukarane i Noreg og andre som ønskjer å lese nynorsk, skal finne godt og påliteleg stoff som er kvalitetssikra språkleg og tverrfagleg.

allkunne.no finst det artiklar som passar ungdom og vaksne uansett kor dei bur, og uansett kva språkbakgrunn dei har.

Kva er Allkunne?

Allkunne er eit digitalt, redigert oppslagsverk på nynorsk, eigd og drive av stiftinga Nynorsk kultursentrum. Nettstaden allkunne.no opna i 2009. 

Arbeidet i Allkunne er finansiert gjennom årlege øyremerkte tilskot frå Kulturdepartementet, i tillegg til prosjektstøtte frå ulike stiftingar og organisasjonar. Allkunne er gratis og reklamefritt.

Allkunne har to hovudoppgåver: Å dokumentere og formidle den nynorske kulturhistoria og å gjere kunnskap om alle emna i verda tilgjengeleg på nynorsk.

Innhaldet på allkunne.no

Allkunne har i dag om lag 25 000 artiklar, og vi publiserer kvar dag fleire nye leksikonartiklar, skrivne og kvalitetssikra av fagfolk, redaksjon og språkvaskar.

Allkunne gjer verda tilgjengeleg på nynorsk. Det er viktig at folk finn kvalitetsinnhald på sitt eige språk. Dei store debattane i samfunnet bør ha omgrep og kjelder på nynorsk, slik at folk kan finne ut kva det eigentleg blir snakka om. Derfor er både artiklar om Donald Trump, ytringsfridom og NATO like naturlege delar av samfunnsoppdraget til Allkunne som ein artikkel om Ivar Aasen.

I tillegg til leksikonartiklar om all verdas emne har vi temasider om aktuelle emne som klimaendringar, folk på vandring, kommune- og stortingsval med meir. Du kan også lese artiklar om den nynorske litteraturhistoria og prøve deg på kvissar om blant anna språk, historie, forfattarskap og politikk. 

I artikkelserien «Dagen i dag» kan du lære kva som skjedde på dagens dato i den nynorske kulturhistoria og internasjonale språkhistoria. Vi har også omsett utvalde artiklar om nynorsk kultur- og litteraturhistorie til engelsk. Dermed kan også lesarar som ikkje er norskspråklege, lære om Ivar Aasen, nynorsk og bokmål, nynorsk skjønnlitteratur og ei rekkje nynorske forfattarskap.

Det tek tid å byggje opp eit allment leksikon. Vi har artiklar frå alle dei store fagområda, men nokre område er betre dekte enn andre. Per i dag er Allkunne sterkast på stoff om nynorsk kultur- og litteraturhistorie, norsk samtidslitteratur, norsk historie, språk i verda og aktuelle emne og biografiar frå samfunn og politikk.

Bruk av Allkunne i skulen

Allkunne blir brukt i både grunnskulen, vidaregåande skule og høgare utdanning. Godt språk og interessevekkjande formidling av innhaldet er ein viktig del av det vi jobbar med.

I 2019 skriv vi mange nye artiklar om natur- og samfunnsfag der målgruppa er elevar i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring.

Allkunne er tilrettelagt som nettbasert hjelpemiddel til eksamen i tråd med retningslinjene frå Utdanningsdirektoratet. Allkunne ligg på eigen datatenar, og IP-adressa kan isolerast. Det er ikkje mogleg å bruke allkunne.no til å kommunisere med andre under eksamen, til dømes gjennom chat. Ta kontakt med skuleeigar om du ønskjer å få lagt til Allkunne som nettbasert hjelpemiddel ved skulen din. IP-adressa til allkunne.no er 185.22.121.103.

Kvalitet og kjeldekritikk

I Allkunne er vi opptekne av kvalitet og kjeldekritikk. Alle nye artiklar er skrivne av godkjende forfattarar, lesne og vurderte av ein tverrfagleg redaksjon og språkvaska før publisering. Kvar artikkel står oppført med kjeldebelegg. Dette gjer artiklane våre til tryggare kjelder til kunnskap både i skulen og kvardagen.

Allkunne er eit fritt og sjølvstendig oppslagsverk, redigert etter redaksjonelle retningslinjer. Retningslinjene byggjer mellom anna på lov om redaksjonell fridom, Redaktørplakaten, Ver varsam-plakaten og forskingsetiske retningslinjer.

For skuleklassar som besøker Ivar Aasen-tunet, tilbyr vi todelt foredrag der elevane både får nærare kjennskap til det kvalitetssikra nettleksikonet Allkunne og får lære om kjeldekritikk.

Det nynorske blikket

Det nynorske blikket og det allmenne språkblikket blir brukt konsekvent i Allkunne. I tillegg til å vere eit allment leksikon blir det lagt vekt på å få fram ting som kan gje auka innsyn i den nynorske kulturhistoria. Regionale og lokale tilhøve viktige for Allkunne. Det finst mange måtar å sjå verda på, og det er viktig å ha redaksjonelt innhald som også ser verda frå eit anna perspektiv enn frå hovudstaden. Det er viktig for demokratiet at det finst fleire røyster i det offentlege rommet, og dette vil Allkunne vere med på å gi lesarane – der dei er.

Allkunne dokumenterer nynorsk kulturhistorie systematisk. Eksisterande oppslagsverk og informasjonskjelder på bokmål manglar ei vidare kulturell referanseramme som nynorskbrukarar kjenner seg heime i. Nynorskbrukarar må kunne finne opplysningar i si eiga målform og kunne kjenne att si eiga omgrepsverd, sin eigen kulturelle kvardag og si eiga kulturhistorie. Dette stiller krav både til val av målform, formidlingsmåte og ikkje minst prioriteringar av stoffet og vinklinga på det som blir presentert.

Det nynorske blikket på Noreg gir litt andre prioriteringar og vinklingar enn andre blikk. Det nynorske perspektivet strekkjer seg mykje lenger enn å ha innhald om den nynorske kulturhistoria. Like viktig for lesarane er det å finne innhald på si eiga målform om all verdas emne. Derfor prioriterer Allkunne også å få produsert artiklar om USA, Angela Merkel, Vladimir Putin, kommunereform, togradersmålet, politikk, solsystemet, islam og mykje, mykje meir. Å tileigne seg kunnskap og lese artiklar på sitt eige språk handlar om demokrati.

Følg Allkunne på Facebook og Instagram (@allkunne) og få drypp med kunnskap kvar dag!