Nytt undervisningsopplegg om tilhøyrsle, identitet og språk 24.08.2023 Heime – eit undervisningsopplegg om tilhøyrsle, identitet og språk Kva er heime for deg? Dette spørsmålet går som ein raud tråd gjennom denne undervisningsressursen. Elevane må reflektere over kva som særmerkjer heimstaden deira, før dei vert nærare kjende med musikkvideoen og songteksten «Heime» av Synne Vo.