Kvit, norsk mann – podkast og undervisingsopplegg
30.11.2022
Brynjulf Jung Tjønn har gripe mange med diktsamlinga Kvit, norsk mann. No har Nynorsksenteret laga eit undervisingsopplegg til nokre av dikta frå boka. I tillegg kan du høyre eit intervju med Tjønn i podkasten vår, Bakom boka.


Skriv dikt som slår deg i magen
Forfattar Brynjulf Jung Tjønn skriv om openberre tilfelle av norsk rasisme, men pirkar også i oss alle med det ubehagelege i kvardagssituasjonar som grensar mot rasisme.
Tekst: Heidi Fagna
Boka Kvit, norsk mann er ei samling dikt som er skrivne på ein rett fram og ujålete måte. Språket er strippa heilt ned, versa er frie og temaet er så usentimentalt presentert at berre essensen står igjen – og han slår oss hardt i magen. Diktsamlinga har fått uvanleg mykje merksemd, og kritikarane trillar høge terningkast.
Løfte fram dei adopterte
Brynjulf Jung Tjønn vart adoptert i 1983, då han var nesten tre år. Den sørkoreanske guten fekk eit norsk namn og ein heim på ein gard i bygda Feios i Sogn. Det er viktig for han å gjera oss merksam på korleis utanlandsadopterte i Noreg har det.
– Ein kjem frå ein heilt annan verdsdel og så blir ein plassert i ein kvit familie som kanskje den einaste mørke. Sånn var det for meg. Foreldra mine var kvite, eg var einebarn, søskenbarna mine var kvite, onklar og tanter var kvite og besteforeldre. Eg var nesten den einaste i heile bygda som ikkje var kvit. Eg leika med vennene mine og høyrde meg sjølv med brei sognedialekt, og eg trudde eg var kvit heilt til eg såg meg i spegelen, seier Brynjulf Jung Tjønn.
Openberr rasisme og kvardagsrasisme
Diktsamlinga Kvit, norsk mann er spekka med det ubehagelege.
I nokre av dikta skriv Tjønn om rasisme som er så openberr og grufull at det enda med drap. Fleire gonger kjem han tilbake til ungdommane Benjamin Hermansen, Johanne Ihle-Hansen og Arve Beheim Karlsen, som vart drepne fordi nokon meinte dei hadde feil hudfarge.
Men mest skriv han med utgangspunkt i sin eigen bakgrunn som adoptert frå Sør-Korea. Han skriv om kjensla av å sjå annleis ut, og korleis folk rundt han påpeikar at han gjer det, ofte i små og utilsikta drypp.
– Både som barn og vaksen har eg opplevd situasjonar der eg har skjønt at her er det noko som vert sagt fordi eg ser annleis ut. Ofte er det tankeløyse, og det trur eg er ganske vanleg overfor adopterte, fordi dei på papiret er norske. Då eg skreiv boka, var eg bekymra for om eg har hatt det ille nok, for eg har aldri opplevd direkte rasisme eller hets som at nokon har kome bort til meg og ropt svarting eller guling rett inn i ansiktet mitt, seier Tjønn.