• Blogg
  • La elevane arbeide med dikt

La elevane arbeide med dikt

21.03.2023

Bjørkebokstavar og Kvit norsk mann

21. mars er det verdas poesidag. Nynorsksenteret har fleire undervisningsopplegg der elevane kan få arbeide med dikt.

I barneskulen kan det vere fint å bruke diktsamlinga Bjørkebokstavar som er skriven av forfattar Hilde Myklebust og illustrert av Tone Lileng.

Bok paa 123 Bjorkebokstavar
Bok på 1-2-3: Bjørkebokstavar (PDF)

Tverrfagleg undervisingsopplegg for norsk, naturfag og KRLE.

Skogen den grøne er skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Mari Kanstad Johnsen.

Nynorsksenteret har laga eit tverrfagleg opplegg for 7. trinn i faga norsk og kunst og handverk. Opplegget kan tilpassast ungdomstrinnet.

Bok paa 123 Skogen den grone
Bok på 1-2-3: Skogen den grøne (PDF)

Tverrfagleg opplegg for 7. klasse i faga norsk og kunst og handverk. Opplegget kan tilpassast ungdomstrinnet.

I ungdomsskulen og vidaregåande kan det vere fint å arbeide med diktsamlinga Kvit, norsk mann av forfattar Brynjulf Jung Tjønn:

Kvit norsk mann ikon
Kvit, norsk mann – arbeid med ein samfunnsaktuell, lyrisk tekst i klasserommet

I dette læringsopplegget skal elevane arbeide med tre av dikta til Brynjulf Jung Tjønn og blant anna reflektere over kva dei seier om det norske samfunnet. Gjennom høgtlesing, skriveoppgåver, tekstsamtalar og innspeling av podkast skal elevane reflektere over dikta.