• Blogg
  • Lesegledar på Forskningsdagane

Lesegledar på Forskningsdagane

11.09.2019

Trond Strand Redigert Portrett

Fredag 20. september inviterer vi barnehageborn til høgtlesing og forteljestund på dagsturhytta i Stryn. 

Lesegledar Trond Strand er kjend i Sogn og Fjordane som ein allsidig formidlar av barnelitteratur. Han vil lese og fortelje frå bøker om natur og miljø.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Stryn bibliotek, og er ein del av Forskingsdagane 2019 ved Høgskulen i Volda.

Lesestundene er klokka 10.30, 11.30 og 13.00 og er opne for alle. 

Viss eg hadde hale er ei av bøkene som han skal formidle. 

http://www.nynorskbok.no/2019/04/26/mats-eldoen-og-sindre-goksoyr-viss-eg-hadde-hale/