• Blogg
  • Ny ressurs med utgangspunkt i ungdomsserie

Ny ressurs med utgangspunkt i ungdomsserie

23.01.2023

Rykter

Vi har laga ein ny ressurs som tek utgangspunkt i ungdomsserien Rykter.

Rykter ikon
Rykte – identitet og livsutforsking

Denne ressursen med utgangspunkt i NRK-ungdomsserien Rykter set søkjelyset på fleire relevante problemstillingar kring det å vere tenåring. Gjennom å bruke læringsopplegget får elevane arbeide med spørsmål knytte til ryktespreiing, identitet, gruppepress, sosiale medium og venskap, samstundes som dei må lese og skrive nynorsk over ein lengre periode.