Nettkurs med Toril Sjo om grammatikkopplæring
27.08.2024
Toril Sjo er førstelektor ved Universitetet i Oslo.
Torsdag 12. september kl. 14.30 held førstelektor Toril Sjo kurs om nynorsk og korleis du kan gjennomføre oppdatert grammatikkopplæring for lågt nivå i vaksenopplæringa.
Foto: Michael Gauss
Intervjuar: Ingvild Myklebust Hovden
– Er målgruppa for nettseminaret alle som underviser i vaksenopplæringa?
– Ja, i prinsippet er det det, men denne gongen snakkar eg særleg for dei som underviser deltakarar med lite eller ingen skulebakgrunn. Dei fleste som underviser i vaksenopplæringa, underviser for ulike grupper, så det kan absolutt vera nyttig for fleire enn dei som underviser på dette nivået akkurat no, trur eg.
– Kva er viktig å tenke på når ein skal drive grammatikkundervisning på lågt nivå i vaksenopplæringa?
– Det er mange ting! Og eg skal prøva å summera opp flest mogleg av dei torsdag (12. september). Nokre stikkord er likevel kontekst, bruk, utforsking, førstespråk og tryggleik.
– Har du døme på kva som kan fungere for denne gruppa?
– Det som ikkje fungerer, er i alle fall å driva tradisjonell grammatikkundervisning. Så eg kjem til å presentera ein måte å jobba med grammatikk på som både er gamal og ny! Gamal fordi det var Halliday som lanserte det på 60-talet (systemisk funksjonell grammatikk). Ny fordi Hanne Haugli nettopp har publisert ei bok der ho har med litt om dette. Det kan jo tenkjast at fleire i vaksenopplæringa allereie brukar og kjenner til denne måten å jobba på, og i tilfelle er jo det supert! Men det er nytt for meg å tenkja grammatikk på denne måten, og eg blei inspirert til å prøva å finna meir ut av det.
Ønsker du å lære meir om dette? Meld deg på nettkurset med Toril Sjo her.
Kurset er gratis og tidspunktet er torsdag 12. september kl. 14.30–15.00.