• Blogg
  • Nettseminar med Toril Sjo torsdag 19. oktober

Nettseminar med Toril Sjo torsdag 19. oktober

26.09.2023

Toril Sjo til nettside

Foto: UiO

Førstelektor Toril Sjo ved Universitetet i Oslo skal halde eit nettseminar om analog og digital nynorskdidaktikk i andrespråksundervisninga. Det skjer torsdag 19. oktober klokka 14.30–15.00.

Du kan melde deg på her.

Seminaret er for dei som arbeider med nynorsk for innvandrarar i vaksenopplæringa. Det er også nyttig for andre som arbeider i fleirspråklege klasserom i grunnopplæringa.

Toril Sjo og Guro Kristin Gjøsdal har også skrive ein tekst til bladet Nynorskopplæring og nettsida til Nynorsksenteret: Nynorsk for innvandrarar? Sjølvsagt!  

Nynorsksenteret har tidlegare intervjua Toril Sjo om kva som er spesielt med nynorsk, og kvifor det er eit språk det er bra å kunne. Her kan du lese intervjuet som vi laga med Toril Sjo i mars 2023.