• Blogg
  • Nettseminar om nynorsk for innvandrarar

Nettseminar om nynorsk for innvandrarar

28.03.2023

Toril Sjo til nettside

Foto: UiO

Torsdag 20. april arrangerer vi eit nettseminar i samarbeid med førstelektor Toril Sjo ved Universitetet i Oslo. Seminaret er for dei som arbeider med nynorsk for innvandrarar i vaksenopplæringa. Det er også nyttig for andre som arbeider i fleirspråklege klasserom i grunnopplæringa.

– Eg vil fortelja litt om kva som er spesielt med nynorsk og kvifor det er eit språk det er bra å kunna. Eg håpar å kunna inspirera alle som deltek, til å forstå og tru på at det kan vera smart å læra både nynorsk og lokale dialektar, seier Toril Sjo som er førstelektor ved institutt for nordiske og lingvistiske studium ved Universitet i Oslo.

I presentasjonen viser ho til forsking om emnet frå mellom anna Eldar Heide, Birgitte Fondevik og Hilde Osdal og trekkjer fram kva innvandrarar sjølv seier om det å læra nynorsk og dialektar.

– Når ein skal ut i arbeidslivet, er det svært viktig at ein forstår språket uansett kvar i landet ein er. Dei som forstår nynorsk og dialektar, har ein fordel uansett kva for eit yrke dei har. Lokalbefolkninga oppfattar deg dessutan lettare som ein av dei når du kan språket. Det viser seg også at norskopplæringa går raskare for dei som lærer det lokale språket, seier Sjo.

Torsdag 20. april klokka 14.30–15.00: Del 1.
Fordelar med å læra seg nynorsk som innvandrar – og litt om faglege ressursar.
Meld deg på her.

Toril Sjo er med i ressursgruppa for satsinga nynorsk for innvandrarar, og det vil kome eit nytt nettseminar med Sjo 19. oktober 2023.
Temaet då er metode og didaktikk, analogt og digitalt.

Får utvida språkkompetanse

Toril Sjo underviser i bokmål med dialektnær bokmålstale fordi dei som lærer norsk i Oslo, skal læra det lokale språket.

– Også dei som bur andre stader i landet vil kunna ha dei same føremonene ved å læra det lokale språket. Men til og med her i Oslo vil kjennskap til berre bokmål og den austnorske dialekten kunna by på utfordringar. Oslo er ein mangfaldig by med mange innflyttarar frå heile landet, og det å ikkje kjenna til nynorsk og andre dialektar vil vera ein mangel i ein heilskapleg norskkompetanse. Eg er så heldig å ha internasjonale studentar som lærer både nynorsk og om norske dialektar her i Oslo. Det er veldig stas! Det å kunna fortelja innlærarane om heile det norske språket, altså dialektar, nynorsk og bokmål, og visa dei vegen inn til ein større norskkompetanse gjennom å forstå ikkje berre ein norsk dialekt, men mange, synest eg er viktig, seier Sjo.

Ho meiner at innlærarar som lærer nynorsk, får ein breiare norskkompetanse enn dei som lærer bokmål, fordi bokmålet uansett er lett tilgjengeleg overalt i samfunnet.

– Denne utvida språkkompetansen er gull verd i integrering. Nynorsken er døropnar til å forstå alle dei norske dialektane, og akkurat det er sjølvsagt både nyttig og viktig for dei som kjem som innvandrarar til Noreg. Eg trur dessutan at kjennskap til nynorsk og det lokale språket kan få fleire til å kjenna seg inkluderte og dermed blir verande på staden, seier Sjo.

Faglege fellesskap

Toril Sjo meiner at for målgruppa som lærer nynorsk som andrespråk, finst det altfor få resursar tilgjengeleg.

– Ein må alltid arbeida for å styrkja rettane til læremiddel til dei som lærer nynorsk, men dette problemet kan ikkje vera årsak til at ein ikkje vil undervisa eller underviser i nynorsk, seier ho.

Sjo trur òg at det i større grad er mogleg å bruka autentiske tekstar og resursar i lokalsamfunnet, nettsider som framtida.no, framtidajunior.no, og anna ikkje-pedagogisk materiale.

– Dersom ein ser føre seg kva innlærarane bør kunna for å fungera godt i lokalsamfunnet, er det kanskje lettare å tilpassa undervisinga? Det er nok uansett ein stor jobb å gjera med å samla ressursar og gjera gode idear tilgjengeleg for fleire, men Nynorsksenteret gjer allereie mykje, og kanskje ein kan bruka dei meir?

Alle som underviser i nynorsk, treng både fleire, betre og kvalitetssikra nettressursar og tilpassa læreverk. Både kunnskap om kva ein treng, og det å utvikla passande materiale er viktig.

– Saman får ein gjort meir enn åleine, og faglege fellesskap der ein kan samarbeida om og dela utviklingsarbeid og ressursar, kan styrkja og letta arbeidet for alle.