• Blogg
  • Nettseminar: Korleis kan lærarstudentane få god nok norskkompetanse?

Nettseminar: Korleis kan lærarstudentane få god nok norskkompetanse?

15.11.2023

Ida Synnøve og Hjalmar til nettside

Tre tilsette ved Høgskulen i Volda skal halde innlegg på nettseminaret til Språkrådet. Frå venstre stipendiat Ida Marie Jegteberg ved Nynorsksenteret, leiar Synnøve Marie Sætre ved Nynorsksenteret og leiar Hjalmar Trond Eiksund ved Institutt for språk og litteratur.

Får lærarstudentane god nok norskkompetanse? Nei, går det fram av ein fersk rapport som blir lagd fram på dette nettseminaret. Det er Nynorsksenteret som har skrive rapporten på oppdrag frå Språkrådet. Statlege universitet og høgskular utdannar lærarar til heile landet. Over 70 000 elevar skal ha all undervisning på nynorsk. Heile Noreg treng lærarar, men korleis utdanne lærarar til heile den norske skulen?

Tid: 27. november kl. 9.00–11.00

Timeplan
9.00–10.00: Ein skuletime med Språkrådet
Pedagogikk:
Ida Marie Jegteberg og Synnøve Marie Sætre ved Nynorsksenteret om funna frå den nye rapporten

Norsk: Hjalmar Trond Eiksund ved Høgskulen i Volda om kva det vil seie å ha kompetanse i norsk

Samfunnskunnskap: Endre Brunstad ved Universitetet i Bergen om lærarstudentane sine språkkunnskapar i eit større perspektiv

Leksehjelp: Pål Lundberg viser fram god praksis ved Oslomet

10.00–10.05: Storefri med videoinnslag

10.05–11.00: Munnleg eksamen
Åse Wetås, direktør i Språkrådet, møter Morten Rosenkvist, direktør i Utdanningsdirektoratet, og andre representantar for styresmaktene i kunnskapssektoren

Med atterhald om endringar. Arrangementet blir tolka til teiknspråk.