• Blogg
  • Nynorsk treningsøkt

Nynorsk treningsøkt

06.02.2024

Grammatikkressurs

Å lese og skrive nynorsk er ein viktig grunnstein i god nynorskopplæring. For å bli trygge språkbrukarar treng elevane også å repetere kva som kjenneteiknar nynorsk, og bli medvitne på korleis nynorsk skil seg frå bokmål.  

Treningsokt
Nynorsk treningsøkt

I dette oppgåvesettet skal elevane samarbeide om å presentere språklege emne for kvarandre, bli medvitne om typiske skrivefeil og sjølve skrive nynorsk. Dei skal øve på å bruke faglege omgrep for å diskutere likskapar og forskjellar mellom bokmål og nynorsk.