• Blogg
  • Opplegg til 17. mai

Opplegg til 17. mai

20.04.2022

Norsk flagg

Det nærmar seg 17. mai, og mange skular har sine eigne markeringar i forkant av denne dagen.

Tekst: Irene Åbrekk Kalvatn

Potetløp og sekkeløp er kjekke og populære aktivitetar på ei slik markering, og ein kan skimte ekstra mange smil og høyre ekstra mykje latter på skuleplassen eller i gangane slike dagar. Men kva med å gjere meir ut av sekkeløpet og potetløpet enn berre å sjå kven som kjem først i mål? Kva med å få elevane til å både skrive, lese, samarbeide, jobbe med diftongar og lære om nasjonaldagen gjennom dei populære 17. mai-aktivitetane? Her finn de ein ny ressurs der vi har teke utgangspunkt i kjende 17. mai-aktivitetar og fylt dei med kjekke og lærerike oppgåver. Vi håpar både elevane og lærarane vil kose seg med desse oppgåvene. God 17. mai-markering!

Flagg vaiande
17. mai

I denne ressursen finn du aktivitetar som kan vere engasjerande å halde på med i samband med 17. mai. Opplegget passar for elevar på barnetrinnet og er innom både norsk, musikk, kroppsøving, samfunnsfag og kunst og handverk.