• Blogg
  • Presentasjonar frå Nynorskkonferansen

Presentasjonar frå Nynorskkonferansen

29.11.2019

Siv M  Gamlem Nynorskkonferansen

Rundt 130 lærarar og andre interesserte frå heile landet deltok på Nynorskkonferansen på Hamar i november. Her finn du fleire av presentasjonane frå konferansen. 

Tekst og foto: Anna Kirsten Aaland Hellevang og Ingvild Myklebust Hovden

Professor ved institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Siv Måseidvåg Gamlem, heldt eit engasjerande innlegg om vurdering. Ho har lang erfaring med vurdering, tilbakemelding og læringsprosessar og har vore ein støtteperson for Utdanningsdirektoratet i arbeidet med vurdering heilt sidan 2007. No er ho medlem i ei ekspertgruppe som skal evaluere eksamensordninga i samband med fagfornyinga. 

– Vi har lagt stor vekt på at eksamensordningane skal opplevast som rettferdige, seier Gamlem.

Presentasjonen til Siv M. Gamlem om vurdering

Christian B  Bjerke
Leiar i fagplangruppa, Christian B. Bjerke, fortalde om den nye læreplanen i norsk.

Fagfornyinga

Nye læreplanar for alle fag vart offentleggjorde måndag 18. november. Frå hausten 2020 skal dei takast i bruk på alle klassetrinn. Leiar av gruppa som reviderte læreplanen i norsk, Christian B. Bjerke, fortalde om bakgrunnen for fagfornyinga.

Han fortalde om kva som er endra og kva som er grunnlaget for endringane. Ei viktig endring i norskfaget på vidaregåaende er at fordjupningsemnet går ut, i staden skal elevane skrive fagtekstar både på vg1, vg2 og vg3. 

Presentasjonen til Christian B. Bjerke om den nye læreplanen


Åse Wetås
Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, heldt innlegg om kva slags norskopplæring vi treng i framtidas skule.

Språklege rettar

Sentrale spørsmål i presentasjonen til Åse Wetås var: Kvifor treng vi som samfunn ei god norskopplæring? Kva må vere innhaldet i norskopplæringa? Korleis skal lovverk og andre styringsdokument leggje til rette for dette? Ho la mellom anna vekt på dei språklege rettane til  alle elevane. 

Presentasjonen til Åse Wetås om kva slags norskopplæring me treng i framtidas skule

Jorid Saure Portrett
Jorid Saure som er lærar ved Fjell ungdomsskule heldt to inspirerande innlegg.

Didaktiske tips

I ny overordna del til læreplanen står det at alle elevar skal få erfare at det å kunne språk er ein ressurs i samfunnet og skulen. Korleis skal vi få til det? spør lærar Jorid Saure. Målet med masteroppgåva hennar er å auke innsikta om korleis nynorskelevane kan nyttast som språklege ressursar i eit fleirspråkleg klasserom. Du kan lese meir om dette i presentasjonen under:
Norskdidaktikk i ei språkleg randsone

I den andre presentasjonen til Jorid Saure viste ho fram didaktiske tips. Ho fortalde om korleis ein kan utforme ein digital julekalender, korleis ein kan gjennomføre litterære samtalar, sommarleskampanje for ungdom og korleis elevane kan lage plakatar. Det skapte mykje latter i salen då ein fekk sjå film med parodi på Parterapi der elevar viste typiske nynorske skrivefeil. Sjå heile presentasjonen her:
Nynorsk i fokus: Didaktiske tips

Ellinor Portrett
Lektor Ellinor Bergli Bustad ved Skaun ungdomsskole.

Nynorsk språkdusj

– Å starte timane med song eller musikk, er eit fint innslag, fortel lektor Ellinor B. Bustad frå Skaun ungdomsskole.
På denne måten får ho synleggjort at nynorsk er i bruk. Ho er også oppteken av at lærarane bruker nynorsk når dei skriv på tavla og leverer oppgåver til elevane.
– Skal elevane svare på nynorsk, er det opplagt at oppgåveteksten også er på nynorsk, seier ho.
Ellinor kallar desse mange små dryppa med nynorskundervisning ein språkdusj.

Presentasjonen til Ellinor B. Bustad frå Skaun ungdomsskole

Stripe
Hege Portrett Beskjært
Adjunkt Hege Schulz Eilertsen frå Aust-Lofoten vidaregåande skole

Olabukse-nynorsk

Adjunkt Hege Schulz Eilertsen frå Aust-Lofoten vidaregåande skole fortalde om korleis dei har jobba med nynorsk som sidemål. 

– Lærarane byggjer også på dialekta når elevane skal lære nynorsk. Elevane har hatt gode opplevingar med å skrive språkbiografi. Då lærer elevane mykje om seg sjølve, fortel ho.
Norsklærarane brukar mykje litteratur i undervisninga. Dei har klassesett med nynorskbøker som er lette å lese. Elevane deltek på lesekonkurransar, som Foreningen !les står bak.

– Målet er at elevar og lærarar skal få eit kvardagsleg og avslappa forhold til nynorsk, såkalla «olabukse-nynorsk», seier Hege S. Eilertsen. 

Ho vil vekk ifrå det ho kallar «bunadsnynorsk» som vert for fint og stivt. 

Presentasjonen til Hege Schultz Eilertsen frå Aust-Lofoten videregående skole

Img 8025
Høgskulelektorane Liv Kristin Bjørlykke Øvereng (til venstre) og Anne Marta Vinsrygg Vadstein frå Nynorsksenteret.

Nynorsk på 1.–7. trinn

Liv Kristin Bjørlykke Øvereng og Anne Marta Vinsrygg Vadstein frå Nynorsksenteret fortalde om forsking om god start med nynorsk som sidemål og om fagfornyinga i norskfaget. Det vert lagt vekt på at norsk skal vere både språkfag og kulturfag. Elevane skal arbeide utforskande i faget og reflektere kritisk. Det skal leggast til rette for djup læring.

Presentasjon: Nynorsk på 1.–7. trinn. Forsking om god start med nynorsk som sidemål

Guro Kristin Gjøsdal og Anne Marta V. Vadstein heldt eit seminar om nynorske ressursar for barneskulen. Dei viste korleis ein kan finne ressursar på nettsidene til Nynorsksenteret og korleis ein kan finne bøker på nynorskbok.no. Dei fortalde også om Bok på 1-2-3, som er tverrfaglege undervisningsopplegg med utgangspunkt i nynorske barnebøker. 

Presentasjon: Ressursar 1.–7. trinn

Gudrun Kløve Juuhl frå Høgskulen i Volda og Eli Bjørhusdal frå Høgskulen på Vestlandet stilte følgjande spørsmål:
– Kva for nynorskspesifikke utfordringar har elevar på mellomtrinnet som har nynorsk som hovudmål?
– Korleis kan me arbeida didaktisk med desse utfordringane?

Presentasjon: Hovudmålsdidaktikk på mellomtrinnet


Kristin K  Sjøhelle
Førsteamanuensis Kristin Kibsgaard Sjøhelle frå Høgskulen i Volda.

Skrivestrategiar på nynorsk

Førsteamanuensis Kristin Kibsgaard Sjøhelle har tidlegare skrive doktorgrad om korleis ein kan skrive seg inn i språket. Det var ein intervensjonsstudie av nynorsk sidemålsopplæring for vidaregåande trinn. På Nynorskkonferansen fortalde ho om ulike skrivestrategiar på nynorsk. 

Presentasjonen til Kristin Kibsgaard Sjøhelle om skrivestrategiar i arbeid med nynorsk som sidemål

Liv Astrid Skåre Langnes frå Nynorskenteret presenterte nynorske fagbøker. 

Fagbokpresentasjon Av Liv Astrid S. Langnes