• Blogg
  • Inviterer til "Tekst og tanke"

Inviterer til "Tekst og tanke"

14.01.2022

Foto av Lone og Guro til nettside og So Me

Sertifiserte leseleiarar og litteraturformidlarar er studenthumanist Lone E. Knutsen (til venstre) og Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret. (Foto: Tone Solhaug og Tone Brandal)

Ved Høgskulen i Volda vil det våren 2022 bli arrangert Tekst og tanke for studentar. Dette er ein sosial møtestad der vi samlar oss rundt eit bord med noko varmt i koppen og møter god litteratur gjennom lesemetoden samlesing (shared reading).

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal

Samlesing (shared reading) er ein forskingsbasert metode som har som intensjon å opne litteratur for alle målgrupper. Det er ein vennleg og trygg møtestad mellom menneske og mellom menneske og litteratur. Lesinga skjer nær deg, og nær der du er. Ein blir nær litteraturen og nær kvarandre. Ein kan kanskje seie at det er ei nærande form for lesing. I ei samlesing er ein personleg og kjenslemessig orientert, og metoden passar både for deg som har lese mykje eller lite. Samlesing har fått positiv merksemd blant studentar både nasjonalt og internasjonalt.

Lesemetoden opnar for samtalar om tema ein kanskje ikkje snakkar så ofte om. Dette kan vere med å skape perspektiv og empati. Kvar enkelt deltakar møter litteraturen på sin måte. Lesinga utvidar seg etter kvart som deltakarane bidreg med sine synsvinklar. Møtet med metoden og litteraturen kan også utfordre. Målet er at ein kan få ny innsikt eller ei ny forståing kring seg sjølv og andre. Samlesing er ein stad for vekst.

Nye relasjonar kan gi nye tankar, undring og meistring. Litteratur kan gi språk for det ein ikkje er vant med å sette ord på. Ein kan kanskje finne eit språk gjennom litteraturen. Ei samlesing er også ein stad ein kan vere stille. Ein deler berre dersom ein har lyst.

Metoden har overføringsverdi til fleire område. Den gir øving i å lese, leie, lytte og vere til stades. Ein kan oppleve å finne konsentrasjon og ro. Samlesing er også ei estetisk og deltakande oppleving.

Samlesing er felleslesing og kan vise kva høgtlesing kan vere, både som formidlingsmetode og som ein måte å verte kjent med seg sjølv på. Å verte lesen høgt for er noko ein set pris på også som vaksen!

Sertifiserte leseleiarar og litteraturformidlarar er studenthumanist Lone E. Knutsen og Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret. Vi tek omsyn til gjeldande smittevernreglar. Ei samlesing krev ingen førebuingar.

Meld deg på her.