• Blogg
  • To nye brettebøker for barneskulen

To nye brettebøker for barneskulen

14.02.2024

Brettebok til So Me

Martine Grande har laga brettebok av biletboka Ørn, og Vegard Markhus har tilpassa Det runde problemet til dette vesle formatet. Bøkene er tilgjengelege for utskrift, og kvar bok får plass på eitt A4-ark. 

Det runde problemet ikon
Det runde problemet

Brettebok-utgåve av biletboka Det runde problemet av Vegard Markhus.

Orn brettebok ikon
Ørn

Brettebok-utgåve av biletboka Ørn av Martine Grande.

Brette- og klippeinstruks, saman med mange andre brettebøker, finn du på brettebok-sida. Tilbakemeldingar frå lærarar viser at elevane likar brettebøkene, og at bøkene fungerer godt som lesetekst i grupper, som heimelekse eller modelltekst for skriving. Kanskje de vil ha eit eige brettebokbibliotek i klasserommet?