Klart vi les!

Bumerke Graatt

Barnelitterær fagdag

Eit dagsseminar for barnehagelærarar, lærarar på 1.–4. trinn, bibliotekarar, kulturarbeidarar, formidlarar og andre interesserte

Seminaret vert arrangert to stader, så du kan melde deg på der det passar deg best: 

  • Torsdag 25. oktober på Ålesund bibliotek, Ålesund
  • Onsdag 31. oktober i Førdehuset, Førde

Pris: 600 kr pr. deltakar inkludert lunsj og forfriskingar

Meld deg på 

Mg 7925

Program

09.00: Registrering og morgonkaffi

09.30: Velkomen og morgonhøgtlesing 
ved Siri Beate Gjerde, bibliotekar i Ivar Aasen-tunet 

09.45: Språk og identitet
Å vere barn i eit nynorskområde – i eit mangfaldsperspektiv
ved Liv Kristin B. Øvereng, høgskulelektor ved Nynorsksenteret og Anne Marta V. Vadstein, høgkulelærar ved Nynorsksenteret

10.10: APPsolutt nynorsk
Tips til nynorske ressursar på nett og på brett
ved Ida Karin Aarflot Kornberg, formidlar i Ivar Aasen-tunet

10.30: Pause

10.45: Presentasjon av dei nye nynorske barnebøkene
Open bokstasjon og sal av bøker heile seminardagen
ved Nynorsksenteret

11.30: Lunsj

12.15: Dei ferske lesarane og skrivarane
Aktuelle perspektiv for barnehage, skule og bibliotek
ved Aasfrid Tysvær, høgskulelektor ved NLA Høgskolen Bergen

13.15: Pause

13.30: Frå bok til leik
Bildeboka som igangsetjar for leik og andre språkaktivitetar
ved Liv Kristin B. Øvereng, høgskulelektor ved Høgskulen i Volda

14.00: Forvandling frydar – ei fornying av skulebibliotek på lågbudsjett
ved Liv Astrid Skåre Langnes, høgskulelærar ved Nynorsksenteret og tidlegare skulebibliotekar

14.30: Gorillahjerne til middag
Presentasjon av filmatiserte nynorske barnebøker ved Anne Marta V. Vadstein

15.00: Avslutning med utdeling av bokpremiar

Velkomen til dagsseminar om nynorsk barnelitteratur, høgtlesing og språkarbeid!

Klart vi les! mottek støtte frå Norsk forfattersentrums medlemsfond, Det norske samlaget og Bergesenstiftelsen.

Tilskiparbumerke
Tilskipinga er eit samarbeid mellom Nynorsksenteret, fylkesbiblioteka i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane og Ivar Aasen-tunet